Hopp til innhold

Slik møtte han kong Haakon

Lars H. Lende fekk merksemd rundt viktige saker med å gjera seg sjølv til klovn.

Ny bok om Lenden

«En utfordring» er namnet på den nye boka om «Lenden».

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Først og fremst er Lars H. Lende (1882–1971) kjend som ein byoriginal i Stavanger, med eit brennande engasjement for barn og unge. Mottoet hans var «Alt for barna», noko han levde etter i eit langt liv.

– Han var ein pioner som tok barn på alvor, og ville gleda barn.

– På ein måte var han ein tidleg barne- og ungdomsarbeidar og ein idealist, seier Hege Stormark leiar ved Norsk barnemuseum i Stavanger. Dei har ein eigen Lende-krok på museet sitt, og nå har det også kome ei ny Lende-bok.

Tok inn arbeidslause

I boka «En utfordring» kan ein lesa historier frå heile livet til« Lenden», som er mest kjend for sitt arbeid med barn. I mellomkrigstida lærte han opp arbeidslause ungdommar på verkstaden sin i Gamle Stavanger. På denne måten var dei betre rusta til å finna seg arbeid.

Etter krigen, når det var godt med arbeid, jobba han for at barn skulle ha det bra. Dette gjorde han mellom anna med å importera ponniar frå Skottland og gje dei i gåve til institusjonar.

Han gjekk i mange typar klede, samla inn pengar på uvanlege måtar og hadde til tider lite konservative frisyrar, dette gjorde at han fekk merksemd rundt tilhøva på barneheimar og sosiale institusjonar.

Han fekk endåtil audiens hos Kong Haakon, og økonomisk støtte til sitt sosiale arbeid. Då var han kledd opp og frisert som «Funkismannen» (sjå bilete).

Eiga avis

I tillegg gav han ut ei eiga avis, "Fagamatøren", og arrangerte folkemøte der samfunnspolitiske og religiøse tema blei belyst på ein kritisk og underhaldande måte.

Sjølv om mange lo av dei originale påfunna hans, var det ingen tvil om at klovnen hadde ein alvorleg gjennomtenkt bodskap.

– «Lenden» var ingen tosk. Han gjorde seg likevel til klovn, men han sa sjølv at det skal gode evner til for å vera klovn og bajas. Og det er sant, seier Gunnar M. Roalkvam, det er han som har forfatta boka om mannen, som han er svært begeistra for.

Han drog på tallause turar med ponniar og heimelagde kjerrer fulle av barn. Overalt vakte han stor merksemd.

– Han hadde eit sitat han ofte brukte frå Lukas kapitel 9, om at ein skal ofra alt. Han tok dette veldig bokstavleg, seier Gunnar M. Roalkvam om Lars H. Lende.

Og han sa til alle: Vil nogen komme efter mig, da må han fornekte sig selv og hver dag ta sitt kors op og følge mig.

Luk 9,23 / bibelen.no (oversetjinga frå 1930)

Sjå video: Bok om «Lenden»

Gunnar M. Roalkvam har skrive boka om Lars Lende.

►SJÅ VIDEO: Gunnar M. Roalkvam har skrive boka om Lars Lende «En utfordring». (Foto: Ole Andreas Bø/NRK)