Hopp til innhold

Ny anbodsrunde om ambulansebåt

Helse Stavanger innrømmer feil, og køyrer i gang ein ny anbodsrunde for kven som skal drifta ambulansebåten i Ryfylke.

Ambulansebåten Rygerdoktoren

Rødne sin Rygerdoktoren har fungert som ambulansebåt i Ryfylke i ei årrekkje. (Bilete er frå ein dokumentar NRK laga om båten i fjor.)

Foto: Magnus Stokka / NRK

Etter ei rettsavgjerd i Stavanger tingretten opplyser Helse Stavanger HF at dei vil lysa ut ein ny anbodsrunde for ambulansebåt i Ryfylke.

Reiarselskapet Rødne har hatt ambulansebåten Rygerdoktoren i ei årrekkje. Då Helse Stavanger opplyste at reiarselskapet Gulen skulle ta over ambulansedrifta, tok Rødne saka til retten.

Formell feil

Etter rettsavgjersla innrømmer helseføretaket ein formalitetsfeil, og går nå i gang med ein ny anbodsrunde. Dermed blir det ikkje rettssak.

Rygerdoktoren

Rygerdoktoren, ambulansebåten i Ryfylke.

Foto: Magnus Stokka

– Det har blitt gjort feil i forhold til datoar og freistar. Me stryk derfor det anbodet som har vore og går i gang med nytt, seier divisjonsdirektør Hans Tore Frydnes til NRK.no.

Ein mann som er svært nøgd med dette utfallet er dagleg leiar i Rødne, Lars Rødne.

Vil ikkje legga eit dårlegare tilbod på bordet

– Anbodsrunden slik den var blei ein tragedie for folk i Ryfylke. Dei har øydelagt ein teneste slik den var, nå håper eg dei rettar opp dette, seier Rødne.

Han håper at reiarselskapet hans får behalda ambulansebåt-tilbodet.

– Nå byrjar alle på ny, og me skal gjera det beste for å vinna fram. Men me vil ikkje stå for eit dårlegare ambulanse-tilbod enn det som er i dag, seier han.