Hopp til innhold

Spøken som gjekk verda rundt

Sjå reportasjen frå 2002 – då NRK Rogaland laga TV-innslag om bonde Arne Braut, som sa at han kunne snakka med grisane sine. Alt var sjølvsagt berre oppspinn.

Sjå reportasjen frå 2002 - då NRK Rogaland laga TV-Innslag om ein bonde som snakka med grisane sine.

►ROGALAND RETRO: Her meiner Arne Braut at han kommuniserer med grisane sine for å få produktiviteten opp. Innslaget gjekk 15. oktober 2002.

– Dette er definitivt den største og beste spøken eg har stelt i stand nokon gong.

Orda kjem frå Arne Braut, ein bygdeoriginal frå Jæren, som definitivt ikkje har funne på lite opp gjennom åra. Men spøken han snakkar om tok likevel kaka.

Lenge sidan dei hadde vore på TV

Saman med Arvid Mæland, ein annan original frå distriktet, kom dei på at dei skulle «halda hekkan» med NRK.

– Eg hugsar ikkje heilt kvifor, men eg hugsar i alle fall at Arvid meinte det var alt for lenge sidan me hadde vore på TV. Elles var det berre eit lystig påfunn, fortel Braut.

Inspirerte av filmen «Hestehviskeren» kokte dei derfor saman ei historie om at produktiviteten til grisehald gjekk opp dersom bonden tok seg tid til å snakka med grisane. Deretter ringde dei til NRK på Ullandhaug. NRK beit på, og sende ut eit TV-team.

– Dei skulle koma klokka tolv, så eg sette meg ned med datamaskinen og laga nokon grafar, som eg deretter la inn i KSL-permen i grishuset, slik det skulle verka meir truverdig. Eg hadde ei grisemaske liggande, som eg hadde kjøpt i Praha, denne tok eg også med meg, fortel Braut.

Spreidde seg

Deretter følgde nokre timar der bonden låg på alle fire saman med grisane sine. Dette fortalde han var for å gjera grisane mindre stressa saman med folk, noko som vidare skulle vera bra for grisehelsa og kjøtproduksjonen.

Innslaget blei sendt på NRK Rogaland sine lokale sendingar i tillegg til nasjonalt på Norge i dag. Dermed byrja steinen verkeleg å rulla.

– Me blei kontakta av TV2, Nationen, britisk radio og amerikansk TV, fortel Braut.

Aldri før har han opplevd at ein spøk har nådd så langt. Men det skulle likevel visa seg at det var eit snev av sanning i spøken.

– I NRK sitt forsvar må eg jo nemna at grisane, som eg var saman med i bingen då innslaget blei laga, var svært rolege då dei skulle transporterast til slaktehuset. Dei var akkurat som lam, avsluttar Braut.

Send inn tips

«Rogaland retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Rogaland retro

Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Flere nyheter fra Rogaland