Hopp til innhold

Song Beyoncé på bar i USA – blei oppdaga av stjerneprodusent

Adele Erichsen (29) frå Jæren har vore med i fleire norske talentprogram og prøvd å slå gjennom i 15 år. Nå har ho hamna på Billboard-liste i USA.

Adele Erichsen

JADELLE: Adele Erichsen frå Kverneland kunne ikkje lengre ha Adele som artistnamn, på grunn av ei anna Adele som har teke av på popstjernehimmelen. Derfor blei det «Jadelle».

Foto: Pressefoto

Jadelle og Wade Martin

Dette er singelen som hamna på 10. plass på Billboard si liste over Billboard si «Hot Singles Sales»-liste.

Foto: Pressefoto

På fredag fekk Adele Erichsen seg ei sjokkmelding. Etter 15 år med hardt arbeid var draumen nådd. Singelen hennar, «Done», har hamna på Billboard si «Hot Singles Sales»-liste.

– Det er heilt sjukt. Eg har ikkje ord. Magisk, rått og sjukt, seier ho.

Det var Byas.no som først omtalte USA-suksessen til Kverneland-jenta som i fleire år har prøvd å slå gjennom som artist. Både i «MGPjr», i «Idol» og «The Voice». Men vegen til Billboard-lista gjekk definitivt ikkje gjennom eit talentprogram på TV.

Song Beyonce på bar

– Eg var på ferie i LA med venar i fjor jul, og song nokre Beyoncé-songar på ein bar. Så kom ein mann og sa han likte det han hadde høyrt, og ville introdusera meg for ein produsent han kjende, fortel Erichsen.

Dessverre kunne ikkje denne produsenten, som ho framleis ikkje visste kven var, treffa henne før ho skulle reisa heim. Det såg ut til å ikkje skje.

– Men så mista me flyet som skulle ta oss heim og fekk nye billettar tre dagar seinare. Dermed kunne eg møta han likevel, fortel ho.

– Han var streng og verka ikkje interessert

Då ho plutseleg stod i eit rom saman med stjerneprodusent Wade Martin fekk ho hakeslepp.

– Han var streng og verka ikkje interessert, seier Erichsen.

Det viste seg at Martin gjorde ei teneste for mannen som kopla dei saman, og ifølgje Adele hadde han lita tru på at møtet skulle bera frukter.

– Men då eg byrja å fortelja om meg sjølv verka han interessert likevel. Der sat eg frå Norge og sa at eg hadde store ambisjonar om å ta Amerika med storm. Han sa at bransjen er vanskeleg og at det ikkje er håp, men eg ville ikkje ta eit nei for eit nei. Det trur eg han digga, fortel ho.

Ikkje lenge etter var den nye singelen ein realitet, og musikkvideoen er allereie spelt meir enn to millionar gonger på Youtube.

– Godt jorda

Nå har dei planar om å spela inn fleire songar og musikkvideoar saman, og alt skal ut i år. Men sjølv om Adele Erichsen har store ambisjonar meiner ho at ho har føtene godt planta på jorda. Mellom anna på grunn av erfaringane ho har gjort seg i talentprogramma på TV.

– Eg har drive på i 15 år og det har ikkje alltid vore lett. Eg har gått på fleire smellar som har gjort at eg er godt jorda. Likevel har eg alltid visst at det ikkje er eit alternativ å gi opp, seier Adele.

Hennar neste mål er no å koma på Billboard 100, der dei mest spelte artistane i verda hamnar.

Sjå Adele på MGPjr i 2002: