Hopp til innhold

No kan du ete som munkane på Utstein

Hotell og restaurantdelen på Utstein Kloster er redda. Restaurantkongen Arne Joachimsen overtar og lover ei oppleving inspirert av måten munkane i mellomalderen levde på.

Munk på Utstein kloster

På Utstein Kloster kan du få få eit innblikk i munkelivet i mellomalderen, no skal du også få prøve maten dei åt.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Det 750 år gamle klosteret på Mosterøy har eigen hotell og restaurantdel, men den blei for tung for museet å drifta. I vår var det mest aktuelt å legge det ned.

Men no har redninga kome, restaurantkongen Arne Joachimsen vil ta over drifta.

Siri Aavitsland

Administrerande direktør i Museum Stavanger, Siri Aavitsland er glad for at restaurant- og hotelldrifta er redda.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Redda av restaurantkongen

– Dette er ein veldig viktig dag for oss. Det at me klarer å få til ein samarbeidsavtale som gjer at me framleis kan gi publikum eit godt tilbod både innanfor servering, overnatting og konferansar, seier Aavitsland.

Nå skal Museum Stavanger ta seg av det dei kan, nemleg å drive klosteret, medan profesjonelle i faget skal drive hotell- og serveringsdelen på klosteret.

Aavitsland er glad for at dei kan ha eit breitt tilbod på Utstein.

– Det er jo ein spesiell stad sidan dette er det einaste ståande mellomalderklosteret i Norge. Det er eit nasjonalt kulturminne, seier Aavitsland.

– Det er jo ei kvit dame som kanskje går igjen, så det gjer det jo svært spanande å overnatte her.

Arne Joachimsen
Utstein kloster

Det skal framleis vera mogleg å både overnatte og ete eit betre måltid på Utstein Kloster i tida som kjem.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Mellomaldermat

– Eg er oppteken av at dette området er veldig unikt, at det ikkje berre er klosteret men også området rundt som er veldig spanande, seier styreleiar i restaurantane Herliga Stavanger, Arne Joachimsen.

Maten som han vil servere skal vera inspirert av munkane sitt kosthald i mellomalderen.

– I tillegg vil me også prøve å bruke mest mogleg lokal mat forankra her på Klosterøy, Mosterøy og Rennesøy generelt. Mellom anna så har me eit samarbeid med Klostergarden, og då tenkjer eg på dielam, pattegris eller skogsgris som dei har byrja med, seier Joachimsen.

Arne Joachimsen

Arne Joachimsen ser potensialet i området rundt Utstein Kloster.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Kan få besøk av gjenferd

Og det skal også vera ein viss spenning ved å krype til sengs i det 750 år gamle klosteret.

– Det er jo ei kvit dame som kanskje går igjen her, så det gjer det jo svært spanande å overnatte.