Hopp til innhold

No blir det slutt på soppkontrollane

Etter fleire år utan offentleg støtte, er det frå hausten av slutt på soppkontrollar gjennomført av Norges sopp- og nyttevekstforbund. – Urovekkande, meiner Giftinformasjonen.

Fluesopp

GIFTIG: Denne soppen veit dei fleste at ein kanskje ikkje bør ha i maten.

Foto: Edith Pettersen

Etter sju år utan offentleg støtte, må Norges sopp- og nyttevekstforbund (NSNF) frå hausten av droppa dei vanlege soppkontrollane dei har arrangert rundt om kring i landet. Sidan 2007 har dei brukt medlemskontingenten til å finansiera kontrollane, men no er det slutt.

– Dette har vore ei veldig tung avgjerd fordi me veit at det er eit enorm behov for soppkontrollar, men me har rett og slett ikkje kapasitet og ressursar slik situasjonen er no, seier styreleiar i NSNF, Edvin Johannesen, i ei pressemelding.

Prioriterer eigne arrangement

No må dei prioritera sine eigne arrangement, som medlemsturar, kurs, møter og andre aktivitetar. Eit fåtal av dei lokale medlemsforeiningane vil halda fram med å gjennomføra offentlege kontrollar, fordi dei får lokal støtte.

I 2014 vart 15 personar lagt inn på sjukehus i Noreg med alvorleg soppforgifting to av dei måtte ha levertransplantasjon. Blant dei 6.000 korgene som vart kontrollerte, vart det funne giftig sopp i 284 av dei. Ein levertransplantasjon kostar ifølgje NSNF 1,2 millionar kroner.

Soppkontrollørane som har stått for kontrollane er utdanna og godkjende av NSNF, og har stått til teneste for å plukka ut dei soppane frå korga som er giftige.

– Nå ber me om årlege, statlege midlar til å kunne sørgja for langsiktig, berekraftig og sikker soppkontroll i alle delar av landet. Ein vesentleg del av slike midlar vil vera retta mot den ressurskrevjande utdanninga av soppsakkunnige, seier Johannesen.

Meir ansvar på plukkarane

– Ut frå ein fagleg ståstad er dette urovekkande, seier Per Olav Kormeset, avdelingsdirektør for Giftinformasjonen hjå Folkehelseinstituttet.

Per Olav Kormeset

AVDELINGSDIREKTØR: Per Olav Kormeset er avdelingsdirektør for Giftinformasjonen hjå Folkehelseinstituttet.

Foto: Privat

– Dei som ikkje har nok kunnskap sjølv, føler nok ekstra tryggleik i å ha soppkontrollen. Så då blir spørsmålet: dersom ein ikkje får kontrollert soppen, betyr det at ein let vera å eta den? Det burde jo vera konklusjonen, men kva som skjer i praksis veit me ikkje, held Kormeset fram.

Han seier det er vanskeleg å seia konkret kva konsekvensane av kontrollstoppet kan bli, men at plukkarane mistar eit tryggleiksnett.

– Det legg meir ansvar på den som plukkar, seier Kormeset.

«Samfunnsøkonomisk lønnsamt»

Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget skreiv mellom anna i ei melding i juni at « ... Komiteen meiner det vil vere samfunnsøkonomisk lønnsamt å førebyggje slike forgiftninger gjennom gode soppkontrollar utført av soppsakkunnige gjennom frivillige organisasjonar, og meiner det vil vere samfunnstjenlig at frivillige kan gi et landsdekkande tilbod om soppkontrollar.»

Men trass i at komiteen gir skryt, i fjor sa landbruksminister Sylvi Listhaug nei til at det opprettast eit landsdekkande tilbod om soppkontroll.

NSNF kjem framleis til å ha soppkontroll på Soppens dag og andre lokale arrangement, som blant anna Bondens Marked.