Hopp til innhold

– Nilsen tilstod og fekk halvert straffa

I Norges største innsidesak var Kåre Nilsen den einaste som tilstod. Det lønte seg.

Odd Rune Torstrup

NØGD MANN: Advokat Odd Rune Torstrup.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

I dag kom dommen frå Gulating lagmannsrett i Acta-saka , som er blitt omtalt som Norges største innsidesak. Fred A. Ingebrigtsen vart dømd til ni år i fengsel, den same straffa han fekk i tingretten.

Kåre Nilsen, som er Ingebrigtsens svoger, vart dømd til seks år i tingretten, men lagmannsretten reduserte det til fire og eit halvt år, der 18 månader er betinga. Straffa er i praksis halvvert, meiner hans advokat, Odd Rune Torstrup.

– Me er svært glade, seier Torstrup.

– Den eine årsaka er at han har tilstått, den andre er at deler av det han er dømd for, har han gjort med aktløyse og ikkje med forsett, seier Torstrup.

Tilstod

Nilsen er den einaste av dei sju sikta som har kome med ei tilståing. Det gjorde han i politiavhøyr hausten 2014.

– I grove trekk har han tilstått heile tiltalen, unntatt eitt forhold. Han gir uttrykk for at det først var snakk om aktlaus medverknad, men at det etter kvart glei over i ei medviten handling, sa Torstrup til NRK den gongen .

Aktor Birgitte Budal Løvlund gjekk frå påstand om seks års fengsel til fem års fengsel for Nilsen då han tilstod.

– Me meiner det er riktig å signalisera at ein skal få løn for å leggja fakta på bordet i slike saker, seier ho.

Odd Rune Torstrup

Odd Rune Torstrup forsvarar Kåre Nilsen.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

– Har snart lagt saka bak seg

Nilsen har vore i varetekt gjennom rettsprosessen og er no over halvveges i soninga si, fortel Torstrup.

– Han var bunden opp i retten uansett, så han kunne like godt få noko ut av det. I realiteten er at han er over halvveges i soninga si, og det medfører at han ganske snart kan gå over på frigangssoning. På mange måtar er han i ferd med å leggja saka bak seg.

Frigangssoning er at han må opphalda seg på ein anstalt på natta, men ha ein vanleg jobb på dagtid, ha samvær med vener og familie på dagtid. Det blir som ein slags husarrest, berre at han ikkje er heime i sitt eige hus.

Vurderer anke

Sjølv om Torstrup og Nilsen smiler i dag, vurderer dei å anka deler av saka.

– Me ønskjer å oppretthalda hans prosessuelle stilling i saka i tilfelle Høgsterett skulle meina det var noko feil i lovbruken. Det blir finjus, men me vurderer det, seier Torstrup.

– Kva betyr eigentleg det?

– Det betyr at me held ope for at me kan koma endå betre ut, forklarar advokaten.