Hopp til innhold

Nekta å gå frå legevakta

Sjeldan hending på Stavanger legevakt natt til søndag. Pasienten nekta å forlate lokalet etter at han var blitt sjekka av lege.

Stavanger legevakt

Mannen følte seg snytt etter legebesøk og ville ikkje gå. (Arkivbilde)

Foto: Anders Fehn

I tillegg til at den 29 år gamle mannen protesterte mot å forlate legekontoret, blei han også så ilter at han spytta etter personalet, då han blei frakta ut dørene. Dette fortel politiet på Twitter.

Fest på hotellet

Laurdagskvelden var som vanleg prega av mange tilfelle av rus og slåsting, både sør og nord for Boknafjorden. Eit av dei meir uvanlege resultat av rusinntak sto eit ektepar i 40-åra for. Dei måtte forlate eit hotell i Stavanger sentrum i natt. Det skjedde etter at dei hadde knust både TV-en og ein vasskokar på hotellrommet.

Fleire unge jenter til barnevernsvakta

Loggen til politiet i Rogaland fortel også om fleire hendingar som inkluderer unge rusa jenter. Ei jente måtte ha hjelp av politiet for å få venninna si heim, etter at venninna hadde sovna på ein buss-stopp og ikkje ville vakne igjen.

To andre jenter på 15 og 16 år, var blitt så kraftig skjenka på ein fest, at ein patrulje tok dei med til barnevernsvakta.

Dit enda også eit par andre jenter i 17-års alderen fordi dei prøvde å koma inn på ein utestad med hjelp av falskt identitetskort.