Hopp til innhold

Neda og familien håpar på retur til Norge

Neda og familien lever i frykt på grensa til Syria kor kvardagen er prega av uro. I dag forklarer dei seg i Oslo tingrett i håp om å få komma tilbake til Norge

Neda og familien

Familien Ibrahim i Jordan. Bilete er nyleg tatt i samband med ein radiodokumentar NRK lagar om familien.

Foto: Nina Bull-Jørgensen

I dag er Neda-saka oppe i Oslo tingrett. Familien forklarer seg via telefon frå Jordan.

– Saka dreier seg om brot på menneskerettskonvensjonen artikkel 8, seier tingrettsdommar Arne Lyng etter at retten er sett i Oslo tingrett.

Saka skulle eigentleg starta i tingretten i går, men blei utsett til i dag på grunn av at dommaren blei sjuk. Erstattaren blei erklært inhabil på grunn av at han hadde skrive om Neda-saka på Twitter.

Henta av politiet på natta

Neda Ibrahim og søsteren

Neda og ei av hennar fire søsken i Jordan.

Foto: Nina Bull-Jørgensen

Saka om 12 år gamle Neda Ibrahim fekk mykje merksemd i media då ho og familien i juni blei henta av politiet på natta og sendt ut av landet og til Jordan etter ti år i Norge.

Familien fekk endeleg avslag på asylsøknaden i fjor, og faren er sikta for å ha oppgitt feil identitet til styresmaktene.

Utlendingsnemnda (UNE) vedtok 11. april å ikkje omgjera tidlegare vedtak om utvising av familien. Det er dette vedtaket Oslo tingrett skal ta stilling til.

(Artikkelen held fram under bilete).

Kine Elisabeth Steinsvik og Anne Lise Fjerneros

Regjeringsadvokat Kine Elisabeth Steinsvik (t.v.) og Anne Lise Fjermeros, rådgivar i Utlendingsnemnda.

Foto: Farid Ighoubah

Vil ha dokumentasjon

Advokaten til familien, Arild Humlen, seier til retten at familien ikkje protesterer på at dei har oppgitt urettmessig identitet, og at staten har rett og plikt til å reagera.

– Men eg vil dokumentera ting som går på helsetilstanden til barna og i kor stor grad dei har integrert seg i det norske samfunnet. Dette uavhengig av kva foreldra har gjort, seier Humlen.

Advokaten seier Dale mottakssenter, der familien Ibrahim budde, har påpeikt at Neda har hatt fin språkutvikling, at ho har fått mange venner og klarer seg veldig bra.

– Menneskerettane er brotne

Bjerga og Humlen

Heidi Bjerga og advokat Arild Humlen.

Foto: Farid Ighoubah

Eldstebror har også hatt ei fin utvikling sidan han begynte i barnehage. Han var tidlegare engsteleg, men ved hjelp av si søster Neda er ha blitt trygg på språket og dei vaksne, ifølgje rapportane frå asylmottaket.

Advokat Humlen meiner UNE har vurdert lovverket feil når dei har tolka kva som er til det beste for barna og at viktige prøvingstemaer er utelatne. Han meiner også staten bryt med menneskerettane når barna blir sende ut av landet.

– Min påstand er at artikkel åtte i menneskerettskonvensjonen er broten i dennes saka.

Desse påstandane ønskjer ikkje regjeringsadvokat Kine Elisabeth Steinsvik å kommentera.

– Eg ønskjer ikkje å seia noko om dette før i morgon, seier ho til NRK.no

– Ikkje god nok tilknyting til Norge

I utvisingsvedtaket seier UNE at dei to yngste barna ikkje har tilstrekkeleg tilknyting til Norge, og påpeikar at deira tilknyting primært er til foreldra, ikkje staden der dei bur.

Dei meiner dei fire barna ikkje har delteke tilstrekkeleg i fritidsaktivitetar, ikkje snakkar språket i tilstrekkeleg grad og framhevar at dei ikkje gjekk i barnehage eller skule på tidspunktet då utvisingsvedtaket skjedde.

Regjeringsadvokat Kine Elisabeth Steinsvik seier innvandrarar kan søka opphald i Norge på grunn av forfølging i heimlandet. Dersom dette ikkje er reelt, skal dei få avslag på søknaden og bli sende tilbake til heimlandet.

– Det er viktig å ikkje undergrava asylinstituttet og denne saka er eit eksempel på personar som kjem til Norge og ikkje har eit reelt behov for asyl. Saker som dette, kor personar kjem til Norge og søkjer opphald på falskt grunnlag, undergraver asylinstituttet, sa ho i retten.

Manglande kunnskap

Familien kom til Norge som statslause palestinarar i 2003, og faren skal altså ha rota med identiteten. Ein språkanalyse gjort at styresmaktene slår fast at familien truleg er frå Palestina eller Jordan, sjølv om dei hevdar dei er frå Irak.

Foreldra har ikkje klart å oppgi rett valuta i Irak, eller svara på spørsmål om det irakiske samfunnet. Sjølv hevdar dei å ha mista reisedokumentasjon på veg til Norge, og at dei ikkje har pass.

UNE sår tvil om at dei faktisk er frå Irak og om opplysningane er korrekte. Regjeringsadvokaten heldt i dag fast på påstanden om å oppretthalda utvisingsvedtaket av familien.

Forventar at familien får returnera

Det er sett av to dagar til saka mellom Utlendingsnemnda og familien Ibrahim i Oslo tingrett.

Neda, faren og mora forklarer seg i dag via telefon frå Jordan.

Heidi Bjerga er i støttegruppa til familien Neda, og følgjer saka i Oslo tingrett. Ho forventar at Neda og familien får komma tilbake til Norge etter at retten har bestemt seg i saka.

– Dette fordi fleirtalet i Stortinget har sagt at barn sitt beste skal bli lagt til grunn i saker som dette. Nå må me visa dette i praksis, seier ho til NRK.no.

Det er sett av ein dag til i saka i Oslo tingrett. Dommar Arne Lyng opplyser at dom i saka vil falla så fort som mogleg, og innan to veker ettet at saka er over i morgon.