Hopp til innhold

– Eg tenker først og fremst på dei stakkars barna

Han vakna av sirenar i natt. Ikkje lenge etterpå fekk han vita at to av naboane hans var døde.

Nabo til drapet

Kjetil Eriksen bur like ovanfor leilegheita der det døde ekteparet budde. Etter det NRK kjenner til skal politiet ha ein hovudteori om at det er snakk om eit partnardrap.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Dette er forferdeleg trist. Først og fremst tenker eg på dei stakkars barna som nå blir aleine.

Dette fortel Kjetil Eriksen som bur i Kirkegata i Haugesund. Han bur tvers over vegen for huset der politiet i natt rykka ut til ei alvorleg valdshending.

Truleg partnardrap

Eit ektepar blei i 3-tida i natt funne hardt skadde i leilegheita, med det som truleg er knivstikk på kroppen.

Den eine blei erklært død på staden, medan den andre blei frakta til sjukehus, og blei etter nokre timar erklært død der. Etter det NRK kjenner til skal politiet ha ein hovudteori om at det er snakk om eit partnardrap.

Barna deira på 15 og 19 år var også i leilegheita, desse har status som vitne i saka. Dei blir tekne vare på av eit kriseteam i Haugesund kommune saman med barnevernet.

To døde i Haugesund

Politiet har sperra av huset der dei to budde. Kripos skal hjelpa politiet i Haugesund med å kartleggja kva som skjedde der i natt.

Foto: Anders Fehn / NRK

Overraska nabo

– Dette er eit relativt stille og roleg område, så eg blei overraska då eg blei vakna av fulle sirener like utanfor huset, seier Eriksen.

Då han gjekk til vindauga for å sjå såg han opp mot 20 politimenn i full aktivitet. Han blei sjølv spurt ut av politiet, men hadde ikkje fått med seg noko før politiet kom.

Klokka elleve kalla politiet inn til pressekonferanse og fortalde om kva som hadde skjedd.

– Eg kjende dei ikkje personleg, men var på hels med dei, det er vanskeleg å sei kva eg tenker om det som har skjedd. Det er berre veldig trist, seier han.

Kripos er kopla inn

Politiet etterforskar saka som mistenkelege dødsfall. Etter det NRK kjenner til skal dei ha funne ein kniv på staden, som kan ha blitt brukt som stikkvåpen.

– Me har etterforska saka for fullt heilt sidan me fekk meldinga i natt. Nå har me nett fått stadfesta at me får hjelp frå Kripos, sa politistasjonssjef Edgar Mannes under pressekonferansen klokka 11.

Krimteknikarar frå Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt har gjort tekniske undersøkingar på staden. Det står likevel att eit omfattande krimteknisk arbeid.

Det er venta at Kripos kjem laurdag kveld for å hjelpa til med etterforskinga.