Hopp til innhold

Nå er vegen rassikra

Fylkesveg 517 ved Lovraeidet i Suldal har vore ein rasfarleg veg. Etter to års arbeid med rassikring og tunnelbygging opna fylkesordførar Janne Johnsen i dag den nye vegen.

Åpning av ny veg

Fylkesordførar Janne Johnsen og ordførar i Suldal Torkel Myklebust stod for opninga.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Klokka 11.30 blei den nye vegen opna av fylkesordføraren.

– Dette rassikringsprosjektet er verd kvar krone, og vil gi auka tryggleik for bilistane på fylkesveg 517, seier fylkesordførar Janne Johnsen (H) om det nye vegstrekket.

Ny og gammal veg

Her ser du den gamle vegen (t.v) og den nye, side om side.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Forseinkingar i prosjektet

Samla sett er det laga 1,2 kilometer ny tofeltsveg frå riksveg 13 på Lovraeidet til Tysingvatnet, der den blir knytt til den nye vegen over Sandsfjordbrua. Det rasfarlege strekket langs Lovravatnet er erstatta av 950 meter tunnel; Hamratunnelen.

– For dei som har køyrt på den rasfarlege vegen har dette vore eit etterlengta prosjekt. På grunn av uvanleg mange utfordringar undervegs har det teke lang tid å ferdigstille anlegget, fortel prosjektleiar i Statens vegvesen, Knut Utaaker.

Etter berre eit halvt års arbeid gjekk entreprenøren som starta å bygge vegen konkurs. Arbeidet stoppa opp og nytt tilbod på ferdigstilling av prosjektet måtte lysast ut.

Rassikringsarbeidet kom i gang igjen i januar 2014, og vart ferdig i desember. Den siste tida har elektroarbeid pågått i tunnelen, forklarer Utaaker.

Ny veg med tunnel