Hopp til innhold

Nå er steinen fjerna

Snart kan familien til Anne Kristine Kalland flytta tilbake til huset sitt i Skudeneshavn. Den svære steinen, som hadde byrja å rikka på seg, er nemleg vekke.

Steinblokk

Denne 10-tonns steinen gjorde at familien til Anne Kristine Kalland måtte evakuerast frå heimen sin i går. Nå er den vekke.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Det var i går ein familie på Karmøy måtte evakuerast etter at dei sjølv melde frå om at ein stein, som ligg like ved huset deira, hadde byrja å rikka på seg.

Steinen er på om lag ti tonn, og i dag fekk Anne Kristine Kalland telefon om at den er vekke.

Ser fram til å koma heim

– Eg blei nett ringt opp, og nå har steinen blitt fjerna, seier ho til NRK i 17-tida.

– Korleis har dei fått den vekk?

– Dei har jobba mange timar for å få den trygt ned utan å treffa huset. Det måtte ein gravemaskin til, og huset står framleis, fortel ho letta.

Familien som nå bur på ei hytte ser fram til å koma heim att.

– Eg håper me kjem oss heim i morgon, men det er framleis andre steinar som må sjekkast om utgjer ein fare, seier ho.