Hopp til innhold

Her blir fleire meter snø fjerna frå ein av fylkesvegane på Jæren

– Dette er ikkje kvardagskost, seier Erlend Aksnes i Risa AS, som har brøyteansvaret på Jæren. Dei har hatt ei travel helg, og nå er nesten alle vegar opne.

Her blir Jæren rydda for snø.

SJÅ VIDEO: Snøfresing på Buevegen på Jæren.

Erlend Aksnes

Erlend Aksnes i Risa AS er 1,80 høg. Her står han ved ein av brøytekantane etter snøvêret på Jæren i helga.

Foto: Risa AS

Nå er snart alle vegar opna etter uvêret som råka Jæren før helga, og heldt det gåande heilt til laurdag.

Det er entreprenørselskapet Risa AS som har hovudansvaret for brøytinga som skjer på Jæren. Dei har hatt ei uvanleg hektisk helg, med 52 stengde hovudvegar.

– Nå går me over utstyret me har hatt ute, driv litt vedlikehald og førebur oss på neste kamp med snøen, seier avdelingsleiar for vegarbeidet Erlend Aksnes.

4,5 meter snø

Kampen dei nå har hatt har vore alt anna enn normal, fortel han.

– På det verste har snøen ligge 4,5 meter over vegen. Verst var det på Myrane i Hå og Lende i Time.

I ein video han har lasta opp på Facebook-sidene til selskapet, ser ein snøfresararbeidet dei gjorde på fylkesveg 504, eller Buevegen, ein av vegane som blei stengt først når uvêret slo til.

Mellom anna måtte ein trailersjåfør bergast ut frå traileren sin med snøskuterhjelp på denne vegen torsdag kveld.

Snøfresing på Jæren

Søndag var hadde det minka kraftig på snøen på Jæren etter regn og mildvêr.

Foto: Risa AS

– Stolt

– Det du ser på videoen er alt anna enn normalt, seier Aksnes. Brøytebilen er lågare enn snøen, den skal brøyta veg gjennom.

Måndag morgon er det berre mellom Veen og Byrkjedal vegen er stengt. Aksnes er nøgd med arbeidet dei har gjort.

– Alle vegane me har ansvar for er opne, seier Aksnes.

– I helga har me bretta opp ermane, og eg er stolt over den jobben som har blitt gjort av brøytebilsjåførar og snøfresarmannskap, seier han vidare.

Han seier at det ikkje ville vore mogleg å utføra arbeidet raskare i ein slik situasjon.

– Me har endå til hatt skift på ein eigen tankbil, som har køyrd ut med diesel til maskinane som har vore ute. Dette gjorde me slik at dei som er ute kunne ha fullt fokus på snøarbeidet, og ikkje må køyra langt for å tanka, seier han.

Måndag var NRK med på siste rest av snøfresing i fylket.

►SJÅ VIDEO: Måndag var NRK med på siste rest av snøfresing i fylket.