Det har regna mykje nord i Rogaland torsdag. Utover natta vil det letta litt, men fredag blir det meir kraftig regnvêr.
– Det kjem kraftigare byger inn att i fredag, seier statsmeteorolog Marit Funnemark.
– Køyr forsiktig
På vegane mange stader er det mykje overflatevatn, og vatnet tek også med seg mykje grus som legg seg i vegbana.
– Senk farten og køyr forsiktig, seier Svein Ivar Ellefsen, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Bergen.
Frå midnatt fram til klokka 15 kom det 32 millimeter må målestasjonen Vats i Vindafjord. Berre den siste timen kom det 9,4 millimeter.
– Det blir nok mest regn i ytre strøk nord for Boknafjorden, men også i indre strøk vil det koma ein del utover kvelden, natta og i fredag, seier Funnemark.
Sju kjellarar med vatn i
Det kraftige regnvêret har også skapt problem for fleire innbyggjarar i Tysvær. I eit bustadfelt på Aksdal held brannvesenet på med å pumpa vatn ut av den sjuande kjellaren for kvelden.
– Vasstanden i kjellarane varierer frå eit par centimeter til 10-20 centimeter, seier Jan Gunnar Dommersnes, brannformann i Haugesund brannvesen fredag kveld.
Også brannvesenet i Tysvær er med for å hjelpa.