Hopp til innhold

Motvind for vindmølleplanar

Interessa for å bygga ut vindkraft er stor og aukande, men langt frå alle planane er foreløpig realiserte.

Høgjæren vindmøllepark

Vindmølleparken på Høg-Jæren. Her har 32 vindmøller vore i drift i eitt års tid.

Foto: Tor Helge Haugland / NRK

Av 74 konsesjonar for vindparkar i heile landet er berre 23 bygde og sett i produksjon. Det viser ferske tal frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

I Rogaland er tala 23 konsesjonar og fire ferdige anlegg.

– Totalbilete i heile landet er at det levert inn fleire søknader enn det ein har sagt skal bli bygd innan 2020, seier politisk rådgivar Siri Hall Arnøy i miljøstiftinga Zero.

Erik Thoring

Erik Thoring, Naturvernforbundet.

Foto: Zbigniew Czaplicki / NRK

Ho er i Sandnes for å backa opp Norsk Vind Energi. Oppmuntra av suksessen på Høg-Jæren, der 32 vindmøller har vore i full drift i eitt års tid, står dei også bak ein av dei omstridde søknadane i Sandnes Øst.

Kritisk til planane

Men dei mange konsesjonane og søknadane skaper også atskilleg uro.

– Dersom alle planane bli sett ut i livet vil me truleg få ei samanhengande rekkje med turbinar frå Ålgård og heilt til grensa til Vest-Agder, seier dagleg leiar i Naturvernforbundet i Rogaland, Erik Thoring.

Han påpeikar at det ikkje berre er å setja opp møllene og ta dei ned igjen når ein ikkje ønsker dei lenger.

Siri Hall Arnøy

Siri Hall Arnøy, Zero.

Foto: Zero

– Poenget er at mellom kva einskild turbin må det byggast vegar av svært høg standard. I sum betyr det at det kjem til å bli bygd veldig mange mil meg veg i dette fjellområdet, seier Thoring.

– Treng all straumen

Miljøstiftinga Zero har ei litt anna oppfatning.

– Me treng all straumen vindkraftprosjekta kan gi dersom me skal ta klimaforpliktingane våre på alvor. Tidlegare erfaringa viser òg at det blir gjort mange tilpassingar for å ta vare på naturen, seier Siri Hall Arnøy.

Det som avgjer om vindkraftplanane blir sett ut i livet, er i siste instans økonomien. På Høg-Jæren er erfaringane gode.

– Overskotet svarar til om lag åtte prosent avkastning, noko me er fornøgde med, seier Lars Helge Helvig, dagleg leiar i Nord Vind Energi.

Han trur erfaringane frå Høg-Jæren vil få fleire til å følgja etter.

– Me trur ein heil del av vindmølleplanane blir realiserte. Det er viktig å erfara at det kan gå rundt.

Men for dei som har planar om å søka om nye vindkonsesjonar i Rogaland, kan det bli vanskeleg. Tidlegare denne månaden sa nemleg fylkesutvalet nei til nye konsesjoner for vindkraftutbygging i Rogaland fram mot 2020.