Hopp til innhold

– Ein av tre ungdomar må jobba med helse og omsorg i framtida

...men det går jo ikkje, sa helseminister Bent Høie på Vestlandskonferansen i dag. Han peikar på ny teknologi som ein del av løysinga på eldrebølga.

– Ein tredjedel av all norsk ungdom må utdanna seg innan helse og sosial-fag dersom me skal ha same standard på eldreomsorga i framtida som me har i dag. Det går jo ikkje, sa Helseministar Bent Høie på Vestlandskonferansen i dag, og peikar på ny teknologi som løysinga.

SJÅ VIDEO: Bent Høie snakka om utfordringar i helse- og omsorgssektoren på Vestlandskonferansen i dag.

I Noreg kjem delen innbyggjarar over 67 år til å bli meir enn dobla fram mot 2060. Delen innbyggjarar over 80 år åleine blir tredobla i denne perioden.

– Hjelp til sjølvhjelp

– Det handlar ikkje om at me skal gjera det kaldare for dei som har behov for hjelp, men me skal hjelpa folk til å meistra kvardagen sjølv, seier Høie.

Framfor heile næringslivseliten på Vestlandet peika Høie på ny teknologi som løysinga på eldrebølga som skal skylda inn over Noreg.

– Dersom dei som blir eldre i framtida, har behov for den same hjelpa som eldre har i dag, då må ein av tre ungdomar jobba med helse og omsorg. Det er sjølvsagt ikkje mogleg.

Meir privatliv

Helseministeren meiner at meir teknologi ikkje vil bety ei kaldare eldreomsorg.

– Eg meiner at det er stikk motsett. At heimehjelpa til dømes set seg ned med den som treng hjelp og handlar mat ved hjelp av eit nettbrett, og at varene seinare kjem på døra. Det gir meir tid i saman dei to i mellom, samstundes som me tek i bruk ny teknologi, seier statsråden.

– Om du får nye menneske inn i leilegheita di fleire gonger i døgeret, då trur eg perspektivet snur til «dersom det er ting teknologi kan hjelpa meg med, så får eg behalda meir av privatlivet mitt». Det som ofte omtalast som «varme hender» i det politiske ordskiftet, kan fort bli litt «klamme hender» for dei som har behov for hjelp, avsluttar han.