Hopp til innhold

– Eg får mareritt av alle opplysningane som har kome fram i media

Mor til Tina Jørgensen, Torunn Austdal Rasmussen, er sterkt kritisk til pressa sin bruk av uoffisielle kjelder i drapssaka. Nå har ho teke seg ein «time out» frå media.

Torunn Austdal Rasmussen

Torunn Austdal Rasmussen har fleire gonger lest eller høyrt om detaljar i drapssaka på dottera hennar, som ho aldri før har høyrt om.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Eg stolar berre på politiet og ingen andre i denne saka, skriv Torunn Austdal Rasmussen i ein SMS til NRK om media sin bruk av lekkasjar og uoffisielle opplysingar i Tina-saka.

Fleire gonger har ho opplevd å lesa eller høyra om detaljar i drapssaka på dottera hennar, som ho aldri før har høyrt om. Ho har også blitt kontakta av journalistar som ønsker å få denne type informasjon verifisert.

Ho ringer då politiet for å høyra om informasjonen stemmer. I dei fleste høve gjer den ikkje det, skriv ho.

– Dette påverkar meg i aller høgste grad. Eg får mareritt av alle desse opplysingane. Nå har eg teke ein «time out» og prøver å ikkje lesa noko som helst, står det i SMS-en.

– Kan ikkje berre ta informasjon frå eitt hald

Rolf J. Widerøe ( til h.) og Hans Petter Aass

KRIMJOURNALIST: Hans Petter Aass har skrive bok om NOKAS-saka, som han jobba tett på som journalist i VG. Nå jobbar han i Stavanger Aftenblad.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

For mange av opplysingane som har kome i Tina-saka er såkalla lekkasjar, eller hemmeleg informasjon, som kan koma frå kjelder i politiet eller frå forsvararane. Ofte frå fleire uavhengige kjelder, men aldri namngitt.

Døme på dette kan vera då Rogalands Avis på laurdag kunne fortelja kva politiet sin hovudteori i Tina-saka truleg er, utan at politiet sjølv kan kommentera det. Eller som då VG kunne fortelja at ein av dei sikta i avhøyr skal ha sagt at han sjølv kan ha slått Tina med ein stein. Begge desse er saker som også NRK har formidla vidare.

Sjølv om dette ikkje er offisiell informasjon, er det viktig at pressa jobbar på denne måten meiner den mangeårig krimjournalisten Hans Petter Aass i Stavanger Aftenblad.

– Me som jobbar me krimsaker er nøydde til å setja oss inn kva saka handlar om, og ikkje berre ta informasjon frå eitt hald. Alt må sjekkast og dobbeltsjekkast, seier Aass.

– Må ta kritikken på alvor

Han meiner likevel at ein må ta kritikken frå mor til Tina Jørgensen på alvor.

– Torunn Austdal Rasmussen er det mennesket i verda eg har mest respekt for akkurat nå. Måten ho har stått oppreist på gjennom denne saka er så imponerande at eg ikkje har ord for det. Så når ho reagerer slik meiner eg at me skal ta det innover oss, seier Aass.

Og den røynde krimjournalisten meiner at det finst døme der media har gått for langt i Tina-saka. Han kritiserer ikkje lekkasjane i seg sjølv, men måten journalistane har brukt informasjonen dei har fått på.

– Det finst eitt par tre døme der aviser har gått ut med ting, utan å først konferera med politiet si etterforskingsleiing. Det er ein kjemperisk! Då risikerer du å øydelegga for etterforskinga, seier han.