Politiet er godt representerte under minnemarkeringa ved Dale asylmottak.
– Me ventar at 40 til 50 personar vil koma, seier politiførstebetjent Stein Torjussen.
- Les òg:
– Pressa overdramatiserer
Førre torsdag blei det opptøyar då ei gruppe kurdarar skulle ut til drapsstaden, men blei stoppa av politiet. Politiet kjende seg truga og møtte ty til skjold og køller.
- Les òg:
- Les òg:
I skogholtet ved Dale er det også i dag politistyrkar utstyrte med køller og skjold, men politiet meiner likevel at pressa overdriv situasjonen ute på Dale:
– Det blir overdramatisert frå media si side. Det er viktig at me viser respekt, og ikkje gløymer at dette er menneske som faktisk sørgjer, seier Torjussen.
Det store pressekorpset som møtte opp på Dale, måtte halda seg vekke frå området rundt fotballbanen der markeringa skulle gå føre seg.
Fem sikta
Så langt er fire personar tatt og sikta for å vera med på drapet, ein femte person er etterlyst av politiet.
Dei fire som er tatt er alle russiske statsborgarar med tsjetsjensk bakgrunn.
- Les òg:
Meir om drapet på Dale asylmottak finn du her.