Hopp til innhold

Tilsette fekk hjelp før oppvaskmøtet

Dei tilsette ved veskebutikken Michael Kors i Stavanger har i dag hatt møter aleine med personalsjefen. LO-forbundet Handel og Kontor gav dei klare råd i forkant av møta.

Michael KOrs Stavanger fasade

Det har i dag vore oppvaskmøte hos Michael Kors i Stavanger.

Foto: Tuva Skei Tønset / NRK

– Dei kom på besøk på kontoret hos oss i dag tidleg, før dei skulle i møte med personalsjefen, seier regionsjef i Handel og Kontor, Anne Lise Thorske.

Dei siste dagane har fire tilsette ved veskebutikken Michael Kors blitt medlemmar av fagforeininga.

Årsaka er, som NRK har skreve om, at dei tilsette er misnøgde med arbeidsplassen sin, fordi dei blir overvaka via kamera og får instruksjonar frå sjefen via øyreproppar.

I møte med personalsjefen

Anne Lise Thorske

Regionsjef i Handel og Kontor, Anne Lise Thorske

Foto: Kjersti Hetland / NRK

HR-ansvarleg for Michael Kors i Norden, Michael Renninger, kom til Stavanger i dag for å møta dei tilsette. Han snakka med dei, ein etter ein, om praksisen i butikken.

Målet, var ifølgje han, å kartlegga situasjonen, slik at Michael Kors kan finna ut av kva som føregår i butikken, og finna ei løysing på problemet.

– Me treng å forstå situasjonen fullstendig. Førebels har me berre det de skriv. Me treng ein moglegheit til å forstå før me kan svara dykk. Me har ingen dårlege hensikter, sa Renninger til NRK før møta.

I forkant av møta, var fleire av dei tilsette hos fagforeininga Handel og Kontor, for å få råd om kva dei skulle seia og korleis dei skulle oppføra seg.

– Me sa at dersom dei trengte hjelp undervegs i møtet, så kunne dei gå på toalettet og ringa oss, seier Thorske.

Håpar fleire melder seg inn

Fagforeininga kjem også til å følgje opp dei tilsette i tida som kjem.

– Me har sagt til dei tilsette at dei må ta kontakt med oss, slik at me kan laga ein plan på korleis me kan gjera dette. Me ynskjer aller helst å få på plass ein tariffavtale, slik at avtalar blir fulgt, seier Thorske.

Og dei tilsette har sjølv uttrykt at dei ynskjer bistand frå fagforeininga.

– Dei tilsette ynskjer veldig gjerne å få hjelp til å få vekk denne overvakinga. Det er dette som har vore det verste for dei, seier regionsjefen.

No håpar ho at fleire av dei tilsette melder seg inn.

– Det er viktig at dei står samla, og at alle blir medlemmar, slik at ingen av dei må stå aleine mot dette, seier ho.