Hopp til innhold

Meiner vinnarlaget saboterte Nordsjørittet

Sykkellaget Coop Østerhus blir skulda for usportsleg opptreden under årets Nordsjøritt. Men laget sjølv meiner dei berre har brukt ein heilt vanleg taktikk.

Fredrik Galta

Fredrik Galta frå Coop Østerhus vann årets Nordsjøritt. No blir laget skulda for å ha blokkert vegen for konkurrentane.

Foto: Eirin Larsen / NRK

– Det var veldig tydeleg at taktikken var å bremse farten og hindre oss i å kome forbi, seier Anders Fiskvik.

Han vart nummer tre i årets Nordsjøritt, og meiner at sykkellaget Coop Østerhus øydela vinnarsjansane hans.

– Sperra vegen

Håvard Blikra

Håvard Blikra tok andreplassen i Elite-klassen.

Foto: Eirin Larsen / NRK

– Coop Østerhus kom seg raskt inn på den smale kystvegen. Dei sende ein mann foran, og tre andre låg bak han og sperra vegen. Me prøvde å rope til dei at me ville forbi, men dei foran var mest opptekne av å stenge vegen og halde farten nede, seier Fiskvik.

Det var Fredrik Galta frå nettopp Coop Østerhus som til slutt vann eliteklassen for menn.

– Dersom dette blir strategien i terrengsykling så er jo heile sporten eigentleg litt falitt, seier Fiskvik.

– Køyrde ikkje usportsleg

– Eg er ikkje samd i at me køyrde usportsleg. Eg har snakka med ryttarane på laget. Og dei opplevde ikkje at dei gjorde noko som dei ikkje kunne stå inne for, seier sportsdirektør i Coop Østerhus, Roy Hegreberg.

Roy Hegreberg

Sportsdirektør i Coop Østerhus, Roy Hegreberg, er ikkje samd i skuldingane.

Foto: Karine Næss Frafjord / NRK

Han meiner dei berre har brukt ein heilt vanleg taktikk.

– Det er eit veldig trangt parti i starten og me tek kontroll og sender fram folk. Dette er jo noko som er veldig vanleg å bruke i landevegsløp. Ein les terrenget på kritiske punkter, seier Hegreberg.

Det er ikkje Fiskvik samd i.

– Eg har aldri opplevd dette nokon annnan stad. Eg meiner at det blir heilt feil å ligge å blokkere, seier han.

Vil vurdera ein ny taktikk

Uansett meiner Hegreberg at episoden tidleg i løpet hadde lite å seia for sluttresultatet.

– Dette var ikkje måten me vann løpet på. Dette var i ein tidleg fase, og det var ikkje den ryttaren som låg framme som vann ein gong, seier Hegreberg.

Coop Østerhus har vunne eliteklassen for menn i Nordsjørittet fleire år. Men kritikken som har kome i år, gjer at dei vurderer å gjera ting litt annleis neste år.

– Me får legge opp til ein litt annan taktikk neste år, avsluttar Hegreberg.