Hopp til innhold

Tiltalte søkte etter drapsmetoder på nettet

Aktor Tormod Haugsnes har i dag spurt ut drapstiltalte Thomas Müller. Ein diktafon, søk på internett og motstridane forklaringar blir heldt fram som viktige bevis for å underbygga at det var sjalusi som førte til drapet.

Aktor Tormod Haugnes og forsvarar Ørjan Eskeland

Aktor Tormod Haugnes og forsvarar Ørjan Eskeland

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I den første dagen av rettssaka mot Thomas Müller, som er tiltalt for å ha drepe kona si Agnes Müller, brukte aktor tid på å spørje ut tiltalte om hans nettaktivitet.

Aktor meiner det er sentralt for å bevise at motivet for drapet var sjalusi.

Internettloggen til tiltalte viser mellom anna at han har søkt på "hvordan man bedøver en kvinne", og "hvor fort kveles et menneske", i forkant av drapet.

Tiltalte sjølv hevdar at han og kona søkte på dette saman, fordi dei lurte på dette.

Endra forklaring

Under utspørjinga i dag sa den tiltalte at dei begge hadde tilgang på e-post og nettbretta til kvarandre.

Under det første avhøyret sa han noko anna. Då hevda han at han ikkje hadde tilgang til nettbrettet hennar, men at han fann passordet i ei bok etter at ho blei meld sakna.

Tiltalte hadde ikkje noko svar på kvifor han har endra forklaring.

Gjorde opptak med diktafon

Den tiltalte skal ifølgje aktor kort tid før drapet ha kjøpt ein diktafon. Denne skal han ha brukt til å avlytta kona si med.

Diktafonen skal ha låge på kjøkkenet, og det var 11 timar med opptak på den frå onsdagen då ho forsvann.

I forklaringa til barna skal det ha kome fram at dei observerte at han sat i boda ute og lytta på opptaket.

Tiltalte innrømma i retten at det kan virke som spionasje.

Han skal også ha søkt på nettet etter spionasje, men sa i retten at han ikkje visste kvifor han hadde gjort det.