Hopp til innhold

MC-førar døydde etter å ha køyrd av vegen

Ein MC-førar døydde etter å ha køyrd av vegen ved Nesflaten i Suldal søndag.

Dødsulukke Nesflaten

Ein MC-førar døydde etter å ha køyrd av vegen ved Nesflaten i Suldal søndag ettermiddag.

Foto: Google Maps

Legen på staden har erklært motorsyklisten død, opplyser politiet.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 16.13.

Ukjent nasjonalitet

Då hadde motorsyklisten, som var ifølgje med tre kameratar, køyrd av riksveg 13 ved Nesflaten i Suldal i Rogaland.

– Den omkomne er ein tysk statsborgar i slutten av 60-åra, seier operasjonsleiar Terje Tonning i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, til NRK.no

Utfordrande redningsarbeid

Nesflaten ligg avsides til, og det gjorde redningsarbeidet vanskeleg.

– Det er utfordrande med ulukker som skjer utanfor tettbygde strøk. Lokalt brannvesen kom tidleg fram og fekk starta livreddande arbeid, men for dei andre etatane var det eit godt stykke å reisa til, seier Tonning.

Statens vegvesen si uhellsgruppe er tilkalla for å hjelpa til med å finna årsaka til ulukka.