Ein 22 år gamal mann frå Ungarn blei i natt berga ned frå fjellet ved Dale i Sandnes med hjelp av redningshelikopter.
Det var 22-åringen sjølv som varsla naudetatane om at han var kald og våt og ikkje fann vegen ned frå fjellet. Politiet sende først ein hundepatrulje, men då det var bratt og uframkomeleg der han var blei Hovudredningssentralen kopla inn.
Dei sende ut helikopteret.
– Sjølve redningsaksjonen var utan dramatikk, og ungararen, som er busett i Sandnes, fekk helsesjekk i helikopteret og deretter blei han sendt heim, opplyser Børge Galta som er redningsleiar ved Hovudredningssentralen Sør-Norge.