Hopp til innhold

– Han beklagar, og seier han er veldig lei seg for at han heiv stein

Mannen bak hærverket på Stavanger domkyrkje på laurdag, har sjølv meld seg. – Me kan tilgi han, men han må likevel gjera opp for seg, seier kyrkjeverje Svein Inge Thorstvedt.

Svein Inge Thorstvedt

Svein Inge Thorstvedt er kyrkjeverje for Stavanger domkyrkje. Han seier det nå kan bli aktuelt å montera netting eller glas framføre glasmaleria.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Laurdag føremiddag blei fleire dyrebare glas knuste med stein i Stavanger domkyrkje.

Politiet var raskt ute og etterlyste ein mann med Iron Maiden-belte og Metallica-kjede, som var observert ved kyrkja like etter hendinga.

Har tilstått

Nå viser det seg at dette var mannen som stod bak ugjerninga, og han har sjølv kontakta kyrkjeverje, Svein Inge Thorstvedt, på telefon.

– Han beklagar, og seier han er veldig lei seg for at han heiv stein, seier Thorstvedt.

Kyrkjeverje ønskjer ikkje å gå inn i detaljane rundt samtalen, eller kva det var som låg bak steinkastinga.

– Tilgir de han?

– Me kan tilgi han, men han må likevel gjera opp for seg økonomisk. Me er også veldig glade for at han har kontakta oss, og fortalt at det var han, seier Thorstvedt.

Dei har meld forholdet til politiet, som også har fått informasjonen rundt tilståinga.

Vurderer betre sikring av rutene

Også i fjor blei det kasta stein gjennom glasmaleriet i Stavanger domkyrkje. Nå vurderer kyrkjeverje tryggingstiltak.

– Me vurderer nå om me skal få opp netting, herda glas, eller pleksiglas, for å beskytta det unike glaset.

Han synest det er trist at dei kanskje må ty til denne type tiltak, sidan det er eit inngripen i fasaden på kyrkja som blei bygd tidleg på 1100-talet.

– Det som nok er finast vil vera netting. Dette har me sett brukt i Bergen, ein kan få netting med tynn tråd og fine masker, seier Thorstvedt.

Skadeverk på Stavanger domkyrkje

Nå kan det koma netting eller glas framføre vindaugene på Stavanger domkyrkje.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK