Hopp til innhold

Mistenkeleg dødsfall i Ølen

Ein 31 år gamal mann er funnen død i strandkanten i Ølen sentrum sundag ettermiddag. Politiet ser på dødsfallet som mistenkeleg.

Død mann funnen i Ølen

MISTENKELEG DØDSFALL: Politiet fann ein død mann i strandkanten ved brannstasjonen i Ølen i Vindafjord sundag klokka 17.15. Politiet ser på dødsfallet som mistenkeleg.

Foto: Kjell Bua

Politi i Ølen

Politiet held vakt der den døde mannen blei funnen.

Foto: Leif Thorsen

Klokka 17.15 sundag ettermiddag fann politiet ein 31 år gamal mann død i strandkanten i Ølen sentrum. Ølen ligg i Vindafjord kommune nord i Rogaland.

– Mannen blei meldt sakna tidlegare på dagen av familien, dei hadde ikkje hatt kontakt med han sidan laurdag morgon. har vore etterlyst som sakna eit par dagar, og patruljen som fann han leita aktivt etter han, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Reidar Gaupås.

Mannen kjem frå Etne, men har flytta til Ølen i seinare tid. Han er ein kjenning av politiet.

Mistenkeleg dødsfall

Gaupås seier vidare at krimteknikarar frå Haugesund og Vindafjord er på plass i Ølen. Dei ser på dødsfallet som mistenkeleg.

– Måten mannen har blitt funnen på gjer at me etterforskar dette som eit mistenkeleg dødsfall, seier Gaupås.

Politiet jobbar nå med å gjera vitne avhøyr, samt innhenta tekniske spor som til dømes mobildata.

Død mann funnen i Ølen

Politiet etterforskar saka utover natta.

Foto: Leif Thorsen

Etterforskar vidare

Klokka 21.30 jobbar politiet framleis for fullt i Ølen.

– Me har krimteknikarar på staden, etterforskarar som tar seg av den taktiske etterforskinga og me har hundar ute, seier Gaupås til NRK.no sundag kveld.

Det er Vindafjord lensmannskontor, som leiar etterforskinga. Lensmann, Ingvar Gjærde kan fortelja at den døde personen truleg blir obdusert på tysdag.

– Har politiet ein teori om kva som har skjedd?

– Me har tankar om kva som kan ha skjedd, så vil etterforskinga visa om dette stemmer.

– Kan det vera snakk om eit drap?

– Det vil eg ikkje kommentera på nåverande tidspunkt.

Mann funnen død i Ølen

Mannen blei funnen like ved brannstasjonen i Ølen.

Foto: Google maps