Hopp til innhold

Får så mykje hjelp at dei må sei stopp

Det private initiativet for å hjelpa syriske flyktningar «Dråpen i havet» i Stavanger har fått inn så mykje utstyr at dei slit med å handsama alt.

Syria-hjelp

STAVANGER: Fleire folk har kome med klede og utstyr til dei Syriske flyktningane. Det er initiativtakarane til facebook-gruppa «Dråpen i havet avd Stavanger & omegn» som skal få alt vidare ned til Europa.

Foto: Kathrine Dørum Middelthon

Kathrine Dørum Middelthon

Kathrine Dørum Middelthon er ei av fire kvinner som administrerer «Dråpen i havet» si avdeling i Stavanger.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Nå har me førebels sagt stopp, for me kan ikkje handsama meir nå, seier Kathrine Dørum Middelthon, som førre veke starta Facebook-gruppa «Dråpen i havet avd Stavanger & omegn».

I gruppa mobiliserer dei folk som vil gi naudhjelp til syriske flyktningar i Hellas. Responsen har vore så stor at dei slit med å handsama alt av naudhjelp som har kome inn i form av klede, beremeisar, sanitetsbind, bleier og våtserviettar.

– Me har alt fylt opp ein trailer, som me satsar på å få nedover i løpet av dei neste dagane. Når me får sortert og fått ut det andre me har kan me ta imot meir, seier Dørum Middelthon.

På under fem døgn fekk dei sponsa lager hos bedrifta Polygon på Forus, dei har fått inn pengar og sjåførar har stilt seg til disposisjon.

Syria-hjelp

FORUS: Når lageret er sendt ned til Hellas kan dei byrja å fylla det opp på ny.

Foto: Kathrine Dørum Middelthon / NRK

Imponert over givargleda

Dørum Middelthon er svært glad for at givargleda ser ut til å vera svært stor.

– Dette er makelaust. Me visste det var givarglede, men dette var likevel over all forventing. I Stavanger har det vore eit trykk utan like, eg har nesten ikkje sove på ei veke på grunn av all organiseringa rundt dette, seier ho.

Noko av transporten organiserer Stavanger-gruppa sjølv, medan noko går via Oslo, der hovudgruppa blei danna.

16 medlemmar av «Dråpen i havet» er allereie på plass i Lesvos og deler ut det som nordmenn har samla inn. Dei har rapportert at det er størst behov for varme pledd, bereselar og gode, sko med eit par sokkar i kvar sko. Trass fulle lager, er dette framleis noko gruppa i Stavanger tek imot.

Høyr radiointervjuet med Kathrine Dørum Middelthon

 : Dråpen i havet

Høyr intervjuet med Kathrine Dørum Middelthon, som førre veke starta Facebook-gruppa «Dråpen i havet avd Stavanger & omegn».