Rådyr i slåtten - Fleire rådyrkalvar ligg godt gøymde i graset rundt om på gardane, det kan kosta dei livet når slåtten byrjar. - Foto: Gunvald Gundersen /

Fleire rådyrkalvar ligg godt gøymde i graset rundt om på gardane, det kan kosta dei livet når slåtten byrjar.

Foto: Gunvald Gundersen

– Kvar gong me reddar ein kalv er det ein bonus

Våren er komen og rådyra byrjar å kalva på opne enger. For mange av dei nyfødde kalvane vil livet likevel enda i slåmaskinen. – Me prøver så godt me kan å unngå dette, seier maskinførar Steinar Kolnes.

Slåmaskin på Jæren - Mange rådyrkalvar døyr kvart år når bøndene byrjar førsteslåtten. - Foto: Gunvald Gundersen /

Mange rådyrkalvar døyr kvart år når bøndene byrjar førsteslåtten.

Foto: Gunvald Gundersen

Når bøndene skal ut for å slå graset opplever dei ofte at det ligg små rådyrkalvar gøymde i enga.

Og det er ikkje ei god kjensle å få desse inn i slåmaskinen, slår maskinførar Steinar Kolnes fast.

– Verst å snerta ein fot

– Det er ikkje kjekt, og det gjer ei dårleg kjensle. På andre sida er det best at dei går rett inn i maskinen, slik dei ikkje lir. Verst er det om ein berre snertar ein fot til dømes, seier mannen som sjølv har køyrd på mange rådyrkalvar.

Merete Landsgård - Merete Landsgård er naturforvaltar i Stavanger kommune, og seier at mørketala for drepne rådyrkalvar er svært store. - Foto: Rolf Marnburg / NRK

Merete Landsgård er naturforvaltar i Stavanger kommune, og seier at mørketala for drepne rådyrkalvar er svært store.

Foto: Rolf Marnburg / NRK

Berre i Stavanger blir det rapportert inn rundt 20 rådyrkalvar som kvart år blir tatt av slåmaskinen. Men talet er langt høgare slår naturforvaltar i Stavanger, Merete Landsgård, fast.

– Det finst heilt klart mørketal. Fleire av dei drepne dyra blir ikkje oppdaga, i tillegg til at fleire ikkje blir rapporterte inn, seier Landsgård til NRK.no.

Ho legg til at det heller ikkje er plikt om å rapportera rådyrkalvane inn.

– Kva gjer de for å unngå at kalvane skal bli tatt i slåtten på denne måten?

– Me sett ikkje inn spesielle tiltak mot dette, men det er klart at me oppfordrar bøndene til å vera forsiktige. Noko me også veit at dei er, mange går endå til i manngard og prøver elles det dei kan for å ikkje køyra på desse dyra.

Video Rådyrkalver havner i slåmaskinen - Foto: Nyhetsspiller /

Steinar Kolnes er maskinførar, og har ufrivillig drepe fleire rådyrkalvar. Han er glad kvar gong dei greinar å redda ein kalv.

– Håpar på ny teknologi

Når traktoren kjem durande seier Kolnes at mora hopp vekk, og gjer beskjed til kalvane om at dei må bli liggjande.

– Då flyttar dei seg ikkje, for dei høyrer på mor si. Derfor er det ein bonus kvar gong me oppdagar ein kalv og kan redda den, seier han.

Inntil vidare må bøndene leita med hjelp frå frivillige, men Kolnes håpar ny teknologi skal redda litt fleire kalvar.

– Eg veit at maskinfabrikkane testar utstyr med varmesøkjande kamera og liknande. Om denne utviklinga held fram vil me om nokre år kanskje sjå rådyrkalvane frå førarsete, avsluttar Steinar Kolnes.