Hopp til innhold

Mange naboar kritiske til nytt asylmottak

Alt frå bustadprisar til tryggleik i nabolaget var tema då kommunen inviterte til folkemøte om det mellombelse asylmottaket på Forus.

Folkemøte

FOLKEMØTE: Det blei sundag kveld arrangert folkemøte om asylmottaket som skal opprettast i Telenor sitt gamle bygg på Forus.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Telenor-bygget på Forus

På onsdag kom meldinga om at dette bygget neste onsdag skal vera eit asylmottak for 1000 asylsøkarar.

Foto: Google Maps

Sjølv om politiet innleia med å sei at det meste som skjer av kriminalitet er det nordmenn som står bak, og sjølv om UDI sa at 75 prosent av flyktningane som kjem faktisk har behov for beskyttelse, hjelpte det lite for mange av dei som møtte opp på folkemøte i kveld.

For fleire folk på Forus er sterkt kritiske til at Telenor sine gamle tomme kontorlokale nå blir omgjort til eit akuttmottak for 1000 flyktningar.

Vil flytta på grunn av mottaket

Ein fortvila nabo drog det så langt at han sa han sjølv ville flykta. Det vil sei: Selja huset sitt, og flytta inn i eit nytt ein annan stad.

– Eg flyktar med barna mine, og tilbyr samstundes avgjerdstakarane bak asylmottaksvedtaket i kommunen, helst med eigne barn, å bu i huset mitt vederlagsfritt, slik at dei også kan vere med på den såkalla dugnaden, var den klare meldinga hans til kommunen.

Han meinte at dei på den måten også kan vera med på dugnaden som det ofte blir snakka om.

Men skal han selja huset ser den urolege naboen nok eitt problem.

– Eigedomsprisane vil gå ned, korleis har kommunen tenkt å kompensera for det?

Kristian Johansen

Kristian Johansen i politiet er seksjonsleiar for ordensavdelinga i Rogaland. Han fortalde publikum at politiet har lite problem med dei eksisterande asylmottaka og at det er nordmenn som står bak det meste dei driv med i politiet.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Applaus for kritikk

Alfred Ydstebø, som er dagleg leiar i firmaet Base Propert som skal drifta bygget svarte.

– Eg forstår problemstillinga, men hugs at det berre er snakk om eitt år med akuttmottak, sa han.

Andre kritiske naboar har også teke til orde, og kritiske kommentarar får stor jubel frå salen.

Jellmaz Bylykemini som kom som flyktning til Norge i 1992 forsøkte også å roe dei som vart uroa.

– Eg forstår at dykk er uroa. Eg har sjølv to jenter, og gjorde meg mine tankar da eg fekk nyheita, men eg vet at dette kjem til å gå veldig bra, forsikra han.

Vidare fortel han at det gjekk så bra med ham fordi han sjølv vart omringa av gode naboar og folk som ville ham godt.

– Eg er stolt av å bu i Rogaland som har tatt så godt imot meg, og eg er stolt av at vi kan hjelpe. Eg håpar dåkk aldreg får ei større uro enn om eiendomsprisane går ned, sa Bylykemini, og hausta stor applaus.

Talet på mottaksplassar har auka frå 11.000 i januar i år til 30.000. Kvar dag kjem det 400 asylsøkarar til Norge. Eit tal som aukar så fort at situasjonen ifølgje UDI er kritisk.

– Nå er me i ein situasjon der me må etablera mottak utanfor dei ordinære rammene, sa Sissel Mehammer Sin Appell frå UDI Vest.