Hopp til innhold

Mållaust i toppkampen i Egersund

Det enda 0–0 i toppkampen mellom EIK og Vard Haugesund i Egersund laurdag. Det betyr at EIK kan mista tabelltoppen søndag.

EIK-Vard

INGEN MÅL: Det blei 0–0 i toppkampen mellom EIK og Vard laurdag.

Foto: Øystein Ellingsen

Det ligg an til å bli ein uhyre spanande avslutning på sesongen i 2. divisjon avdeling tre.

EIK, som toppar tabellen, hadde sjansen til å halda stø kurs mot førsteplass og direkte opprykk med tre poeng mot Vard søndag. Men det blei ingen mål i Idrettsparken i Egersund.

Framleis håp om opprykk

EIK-trenar Magnus Powell har likevel på ingen måte mista håpet om direkte opprykk, og understrekar at det er to seriekampar igjen.

– Me møter eit godt lag, men me er ikkje skikkeleg på i første omgang. Men det er ikkje slutt ennå og det er to kampar igjen, seier svensken.

EIK toppar andredivisjonspulja med 51 poeng. Vard ligg to plassar bak, på tredje med 47 poeng.

Vanskeleg for Vard

Vard måtte helst ta tre poeng i Egersund for å ha sjanse på opprykksplassen. Nå innser trenar Knut Folland at det er små sjansar for å nå målet om førstedivisjon.

– Eg er ikkje fornøgd med kampen. Det blei aldri ein skikkeleg fotballkamp fordi ingen av laga slepp seg skikkeleg laus, seier han.

I morgon spelar tabelltoar Ullensaker/Kisa mot Fløy. Dersom Ull/Kisa vinn kampen tar dei over tabelltoppen.

1100 tilskodarar fann vegen til Egersund stadion i det kalde haustvêret. Dei gjekk frå stadion mellomfornøgde, ifølge NRK sin reporter på stadion, Øystein Ellingsen.

PS: Det blei delt ut mange gule kort i kampen og EIK-spelar Kim R. Nyborg måtte forlata banan med raudt kort.

EIK-supportarar

1100 tilskodarar såg kampen i Idrettsparken i Egersund.

Foto: Øystein Ellingsen