Hopp til innhold

Barneministeren lovar meir hjelp frå staten etter India-saka

Den vanskelege India-saka gjorde at barneverntenesta i Stavanger kommune fekk krass kritikk frå den øvste politiske leiinga i India. I framtida lovar barneminister, Inga Marte Thorkildsen, meir hjelp frå staten i liknande situasjonar.

Inga Marte Thorkildsen om India-saka

MEIR HJELP OG STØTTE: Den ferske barneministaren, Inga Marte Thorkildsen, lovar meir hjelp og støtte til kommunar som hamnar oppi vanskelige internasjonale barnevernsaker.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

Det har hagla krass kritikk mot barnevernstenesta i Stavanger etter dei i mai i fjor tok to barn frå eit indisk foreldrepar i Stavanger.

Både indiske medium og toppolitikarar skulda kommunen for å ikkje kunna nok om indisk familiekultur, og kalla det heile for ei statleg kidnapping. Kommunen, som har teieplikt, kunne ikkje forsvara seg mot kritikken.

Sjølv om kritikken etter kvart kjølna av, då det kom fram fleire detaljar i saka, etterlyste barnevernssjef i Stavanger, Gunnar Toresen, i går meir engasjement frå staten i liknande saker.

Han meiner det ligg utanfor ein kommunen sitt mandat å måtta forhandla med Indiske styresmakter, slik som skjedde i India-saka.

Svar frå barneministeren

Barneminister Inga Marte Thorkildsen lovar nå meir hjelp frå staten til kommunale barnevernstenester som hamnar i internasjonale konfliktar.

Men kommunane må framleis ha hovudansvaret, meiner ho.

– Det vil vera feil om departementet skal ta over enkeltsaker, då vil me få store problem etterpå. Det ville ikkje ha gagna barnevernet.

Men ho lovar meir hjelp i framtida, og allereie nå vil dei jobba meir med å opplysa det internasjonale samfunn om barnevernstenesta i Norge.

– Me vil informera internasjonalt, og ovanfor andre land sine representantar i Norge, om kva barnevernet gjer på prinsipielt nivå, og kva barnevernet ikkje gjer. I tillegg er me opptekne av at den kommunale barnevernstenesta skal få god stønad i arbeidet sitt, seier Thorkildsen til NRK.no.

– Positivt

Toresen er glad for signala Thorkildsen sender.

– Det er positivt at staten vil ta ei større rolle. Så får me sjå korleis dette vil bli løyst i detalj, seier han til NRK.no.

Han oppfattar utsegna til Thorkildsen som førebels, og forventar at det vil bli utarbeidd retningslinjer for korleis ein skal handsama liknande situasjonar i framtida.