Hopp til innhold

Lønnsamt å investere i Haukelivegen

Å satse milliardar av kroner på E134 over Haukeli er samfunnsøkonomisk lønnsamt. Det slår ein helt fersk rapport fast. Den nye Haukelivegen vil og redusere reisetida mellom Vestlandet og Austlandet med ein time.

Lønnsomt å invester i Hakelivegen

– Den nye Haukelivegen vil føre til at køyretida mellom Haugesund og Oslo vil bli redusert med ein time, seier Børge Skårdal, dagleg leiar for E134 Haukelivegen AS.

Børge Skårdal

Børge Skårdal er dagleg leiar i E134 Haukelivegen AS.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Det kjem fram i ein rapport som vart presentert i dag. Ifølgje rapporten er Haukelivegen også samfunnsøkonomisk lønnsam.

– Rapporten viser at det vil vera lønnsamt å investere eit betydeleg beløp på Haukelifjell for å betre framkomeligheit og reisetid. Og det er jo veldig gledeleg, seier Skårdal.

Firmaet Haukelivegen AS har fått i oppdrag å informere regjeringa om at E134 bør vera hovedferdselsåra mellom det sørlege Aust- og Vestlandet.

I Skjold er eit av prosjekta på E134 allereie i gong. Og styreleiaren for prosjektet, Petter Steen, trur den nye rapporten kan gi fortgang i prosjektet.

Petter Steen

Petter Steen er styreleiar i E134 Haukelivegen AS.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

– No er det jo ein veldig viktig og kritisk prosess som går føre seg i regi av vegdirektoratet med tanke på å sjå på aust-vest forbindelsane i Sør-Noreg, og konklusjonen der skal jo vera kor staten skal bruka pengar i framtida.

– Så det at me no synleggjer potensialet i Haukelivegen er ekstremt viktig, seier Steen.

Viktig for næringslivet

Full storm og stengde fjellovergangar er kvardagskost over Haukeli. Prosjektet Haukelivegen skal betre situasjonen med to nye, store tunnelar over Haukeli. Og det gler næringslivet i regionen.

Tormod Karlsen

Tormod Karlsen, direktør i Haugaland vekst.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

– E134 er ekstremt viktig for næringslivet. Difor er det også veldig viktig for oss at den blir meir vintersikker, slik at driftkostnadane kan gå ned, og tryggleiken opp, seier Tormod Karlsen, direktør i Haugaland vekst.

Men eit endeleg klarsignal for heile vegprosjektet kjem tidlegast i 2015.

Flere nyheter fra Rogaland