Brannvesenet fekk klokka 16.55 melding om brann i ei løe i Sandeid i Vindafjord.
– Det starta å brenna i siloen. Det var ingen stor brann, seier alarmoperatør Oddmund Lid ved 110-sentralen i Haugesund.
Eit par røykdykkarar frå Vindafjord brannkorps blei sendt til staden. Etter ein halvtime hadde brannmannskapa kontroll over brannen.
Løa ligg på vegen opp mot skianlegget på Fjellstøl i Sandeid. Det er usikkert om det var dyr i driftsbygningen.