Hopp til innhold

Listhaug: – Landbrukspolitikken har vore ein suksess

Sylvi Listhaug meiner Regjeringa sin landbrukspolitikk har vore ein suksess. Måndag kveld stilte ho til folkemøte med bønder på Jæren.

Sylvi Listhaug besøkte Ålgård.

SJÅ INTERVJUET MED LISTHAUG: I dag besøkte statsråden garden til familien Edland på Ålgård.

Det var ein smilande landbruks- og matminister som besøkte storfjøsen til familien Edland på Ålgård måndag.

– Fleire bønder spør etter mjølkekvotar etter ein nedgang frå 2010 til 2013, og me ser at færre bønder forlét næringa. Viss dei tala held seg, så er det det lågaste talet på mange år og lågare enn i nokon av dei åtte raudgrøne åra, seier landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp).

– Er det Frp-politikken som gjer dette resultatet?

– Eg meiner at me fekk til eit godt jordbruksoppgjer som gav rom for bønder til å satsa, anten som dei er små eller store.

Folkemøte på Jæren

FOLKEMØTE: Mange møtte på folkemøtet med landbruks- og matministeren måndag kveld.

Foto: Mari Friestad / NRK

Mange har meint at ein er på veg mot ein industrialisert landbruk i Noreg, men det er ikkje Listhaug samd i.

– Det er berre å sjå seg rundt her, så ser ein at det ikkje er det det er snakk om. Her er det ein vanleg norsk familie som driv dette bruket. Me har ikkje industrilandbruk i Noreg, det er skremselspropaganda, og me kjem ikkje til å ha det i framtida, seier ho bestemt.

Vil ha færre reguleringar

«Me har det gildt!», seier Steinar Edland, på spørsmål om korleis drifta av storfjøsen går.

– Det er klart me må utvikla oss som alle andre bedrifter, men det er vanskeleg når me blir regulert i alle endar. Eg håpar at Listhaug kan halda fram med å ta vekk nokre av desse reguleringane og opna opp litt, så blir det lettare for oss som har lyst å driva med dette, seier han.

– Listhaug kallar garden min eit hobbybruk

Nabo Ståle Fjermestad driv ein gard som Listhaug helst ser skulle vore større.

– Me driv eit såkalla hobbybruk, som Listhaug kallar det. 300.000 liter mjølkekvote, 80 vinterfôra sauer og ti kyr. I Listhaug sine auge er det eit hobbybruk, men i mine auge er det stort nok til å vera ein manns arbeid på ein gard.

– Korleis ser du på drifta framover.

– Det er ikkje dette ho ønskjer seg, men ho har ikkje så lang tid som landbruksminister i Noreg, så ting kan snu seg fort, seier han.