Hopp til innhold

Fjernar punktet om tukt av barn

Grunnleggjarane av Kilden Menighet på Nærbø på Jæren tar vekk punktet om tukt av barn frå truvedkjenninga. – Me ønskjer å følgje norsk lov, seier dei nå.

Lokala til Kilden Menighet på Nærbø på Jæren

Lokala til Kilden Menighet på Nærbø på Jæren

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Me meiner ikkje at punktet om fysisk straff av barn er noko Gud pålegg oss å gjera. Derfor tar me vekk dette punktet frå truvedkjenninga vår. Me ønskjer å følgje norsk lov.

Det seier grunnleggjarane av Kilden Menighet på Nærbø i Hå kommune, Martin Hjellvik og Asbjørn Berland.

Lokala til Kilden Menighet på Nærbø på Jæren

Her går du inn til Kilden Menighet sine lokale på Nærbø i Hå kommune.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Kraftig kritikk

Dei to har opplevd mykje negative meldingar i løpet av laurdagen. Det byrja med at avisa Vårt Land slo opp at dei to grunnleggjarane meinte at det var greitt å gi fysisk straff til ungar. På bakgrunn av dette melde Barneombodet dei to til politiet for å tillate å slå barn, noko som er i strid med norsk lov.

Anne Lindboe

Barneombod Anne Lindboe melder grunnleggjarane av Kilden Menighet på Nærbø på Jæren, til politiet.

Foto: Henriette Mordt / NRK

Les også: Anmelder kyrkjelyd på Jæren

– Me har fått støtte også i dag, frå fleire personar, seier Martin Hjellvik. Men det aller meste har vore sinte meldingar, enten på telefonen eller på sosiale media, seier han.

Guds ord

Dei to leiarane er samde om at det ikkje står noko i Bibelen om at det er nødvendig å straffe barn fysisk. Derfor skal dei ikkje lengre seie til andre i kyrkjelyden at det er i orden.

– Derimot står det i Bibelen at me skal gjera det som styresmaktene seier, og det gjer me frå nå av i dette spørsmålet, seier Asbjørn Berland.

Kjem frå Hordaland

Dei to har tidlegare vore knytt til den lutherske bedehustradisjonen i Hordaland. Nå har dei flytta til Nærbø i Hå kommune på Jæren og starta kyrkjelyden Kilden der.