Hopp til innhold

Legg asfalt i staden for å brøyta

Mildvêret i vinter gjer at vegarbeidarane i kommunane på Nord-Jæren kan asfaltera for våren, i staden for å måka og salta vekk vinteren.

Video Legg asfalt i staden for å brøyta

VIDEO: På Nord-Jæren blir det nå lagt asfalt i staden for å brøyta. (Foto: Erik Waage)

Sveinung Sviland

Sveinung Sviland er driftssjef for Sandnes bydrift. Han er ikkje redd for at dei skal brenna inne med alt saltet dei hadde kjøpt inn til sesongen.

Foto: Erik Waage / NRK

Vinteren i fjor var så kald at fleire kommunar gjekk lens for vegsalt til å strø på dei glatte vegane.

Det er ikkje eit problem i år. På saltlagaret til Sandnes bydrift hadde dei handla inn ekstra mykje salt for å vera best mogleg førebudde på vinteren. Men mildvêret gjer at det meste framleis ligg ubrukt.

Har til salt i grauten

At Sandnes og dei andre kommunane nå har til salt i grauten, ser ikkje driftssjefen for Sandnes bydrift, Sveinung Sviland på som eit problem:

– Saltet kan ligga til neste år, så det er ikkje krise om me brenn inne med det, seier Sviland han.

I staden for å salta å måka, kan vegarbeidarane nå heller asfaltera øydelagde vegar:

– Det er jo ein trist vinter, men arbeidsmessig får me heller gjort arbeid som viser att, og som me har nytte av framover. Det er jo betre enn at me berre måker på snø som uansett ville ha smelta av seg sjølv, seier han.

Vegsalt på lager i Sandnes

Sandnes skal ha nok til salt i grauten.

Foto: Erik Waage / NRK

– Sjeldan kost å asfaltera i januar

– Det har vore veldig kalde vintrar nå, der frost har øydelagt mykje av vegane, seier Terje Bøe, vegarbeidar i Sandnes kommune.

Dermed kan dei altså bruka januar til å fiksa opp:

– Det er ikkje vanleg me legg asfalt nå, normalt køyrer me salt, seier Bøe.

Han er personleg ikkje plaga av at plogen får stå i fred:

– Nei, snøen kan vera i heia, seier han med eit smil.