Hopp til innhold

Lange køar for å sjå på Ryfast-prosjektet

Folk stod i kø i opp mot to timar for å oppleva Eiganestunnelen og Ryfast-prosjektet på nært hald søndag.

Open dag Ryfast

VIDEO: Søndag var det open dag i samband med Ryfast-prosjektet.

Søndag arrangerte Statens vegvesen saman med entreprenør JV Bilfinger Stangeland open dag for folk som ville sjå korleis Eiganestunnelen blir bygd.

Tunnelen er ein del av Ryfast-prosjektet, fastlandsprosjektet mellom Stavanger og Ryfylke, som skal opna i 2019.

Arrangøren blei overraska over oppmøte. Utover søndagen var det 1,5- 2-timars kø for å komma inn på anleggsområdet (sjå video i ingressen).

– Oppmøte har vore bra. Me blei overrumpla over mengda folk, men det er berre kjekt at det kjem så mange, seier prosjektleiar for Eiganestunnelen, Ola Kvammen.

Dei besøkande fekk orientering og synfaring på dei ulike anleggsområda. Det blei også servert drikke og grillmat.