– Han er definitivt betre enn den gamle, seier Geir Pollestad frå Senterpartiet.
Han var ein av fleire hundre som møtte opp for å høyra på den ferske landbruksministeren, Jon Georg Dale, i Varhaughallen i kveld.
I fjor var det mange av bøndene på Varhaugmøtet som vart svært provoserte på hans forgjengar, Sylvi Listhaug.
Pollestad meiner Dale har gitt eit mykje betre inntrykk enn Listhaug.
– Han held seg meir til realitetane, det er mindre show og meir fakta. Eg opplev også at han forstår betre landbruket si rolle i samfunnet.
– Men politikken ligg jo fast, så her må me bora vidare i politikken, for å finne ut av kva han eigentleg meiner, seier Pollestad.
Skeptisk til politikken
Fylkesleiar i Senterpartiet i Rogaland, Bjarne Undheim, er også skeptisk til kva type politikk ministeren vil føra, sjølv om han gir eit betre inntrykk.
– Han er jo optimistisk, og han pakkar det nok inn på ein annan måte enn den førre ministeren gjorde. Men eg er nok redd for at politikken til regjeringa ligg fast, og der var det ikkje så mykje nytt å høyre, seier Undheim.
Spent før møtet
– Det er alltid kjekt å koma til indrefileten av norsk jordbruksproduksjon, som ligg her på Jæren, sa Dale til NRK før han gjekk opp på talarstolen i kveld.
På spørsmålet om korleis han ville stå fram som minister, samanlikna med Listhaug, svarte han dette.
– Eg har tenkt å vera meg sjølv her på møtet i dag. Og eg er opptatt av å løfte fram det som er positivt med norsk landbruk, og potensialet for norsk matproduksjon. Ikkje for å dysse ned kva som er utfordringar, men fordi eg meiner at norsk landbruk har mange grunnar til å vera entusiastiske, seier Dale.
Besøkte bønder på Varhaug
Tidlegare i dag besøkte også landbruksministeren bønder på Varhaug.
Då sa Dale at bøndene ikkje kan venta seg ei auke i subsidiar frå staten, men at han trur at bøndene på Jæren vil klare seg godt uansett.
Sjå reportasjen frå besøket her: