Hopp til innhold

– Eg har aldri sett noko liknande

Sigurd Svela undervisar dagleg om tornadoar, vindfenomen og anna pensum i geografi på Sola Vgs. Derfor var det ekstra spesielt for læraren når han fekk auge på ei skypumpe på veg til arbeid måndag morgon.

Tornado på Nord-Jæren

Like etter klokka 08.00 16. mai viste det seg ei skypumpe på himmelen like ved Stavanger lufthamn Sola.

Foto: Sigurd Svela

– Dette var utruleg kjekt, seier Sigurd Svela til NRK.no.

Han var på veg til jobben sin som lærar i geografi på Sola Vgs., då han plutselig oppdaga noko sjeldan på himmelen over Nord-Jæren.

– Eg køyrde med ein gong inn til sida, og fekk tatt nokre bilete av skypumpa med telefonen min, seier Svela.

I heile ti minutt kunne han stå å sjå på pumpa som blei mindre og mindre, og til slutt forsvann.

Meteorologisk Institutt blei varsla

Det var like ved Stavanger Lufthamn Sola skypumpa var å sjå på himmelen. Frå flytårnet blir det rapportert inn vêrobservasjonar kvar halvtime til Meteorologisk institutt, dei fekk derfor beskjed om skypumpa tidleg:

– Eg hadde ikkje venta at dette skulle skje i dag, sjølv om dette ikkje er eit heilt uvanleg fenomen, seier meteorolog Arnstein Tjøstheim i Meteorologisk institutt.

Han seier det som er langt meir uvanleg er at dei blir observerte, og endåtil tatt bilete av.

– Var denne skypumpa farleg for flytrafikken?

– Om eit småfly hadde flydd rett inn i den ville dei nok ha merka det godt, men ein direkte fare trur eg ikkje skypumpa representerar, seier Tjøstheim.

Ikkje tornado

Skypumpe Jæren

Også Svein Arne Bjørge Svilosen fekk tatt eit bilete av skypumpa.

Foto: Svein Arne Bjørge Svilosen

Tjøstheim seier at fenomenet på himmelen på Nord-Jæren i dag ikkje er kraftig nok til å bli kalla ein tornado, men at det er det er det same som skjer:

– Dette er ei såkalla traktsky som oppstår i ustabil luft. Virvelvinden som oppstår dreg partiklar opp i seg, slik at ho blir synleg, seier han.

Dette kan til dømes vera vasspartiklar når skypumpa oppstår over sjøen, noko som ikkje er så uvanleg om seinsommaren med varm sjø og kald luft.

Det er ikkje lenge sidan ei imponerande skypumpe av dette slaget viste seg på himmelen i Lærdal, Sogn og Fjordane. Denne blei også fanga på kamera.

Les òg:

Skypumpe Sola

Skypumpa sett frå Bærheim.

Foto: Sigurd Svela

Mellom varm og kald luft

– Som geografilærar veit eg at dette ikkje er kvardagskost, og eg har aldri sett noko liknande før, seier ein nøgd Sigurd Svela.

Det var då han hadde kome til Soma han stoppa bilen for å sjå på skypumpa:

– Desse fenomena oppstår mellom varm og kald luft, den mørke skya var svært massiv der skypumpa oppstod, seier læraren som nå har meir kjøt på beinet til neste gong han skal undervisa om vêr og vind.

Det er ikkje meldt om skadar i samanheng med skypumpa.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.