Hopp til innhold

Kvinne (63) sakna i Sandeid

Politiet og frivillige leiter etter ei kvinne som er meldt sakna i Sandeid. Familien vart uroa etter at ho ikkje kom heim frå tur.

Sandeid

– Det er unormalt at ho skulle vera ute så lenge. Difor har familien meldt ho sakna, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Rune Plassen.

Kvinna som er 63 år, gjekk ut for å gå ein tur rundt klokka 16:30, og vart meldt sakna rundt klokka 21 måndags kveld.

– No er både politiet og frivillige på veg ut for å leite etter henne. Ho har litt svak helse, difor er me uroa over at ho har vore ute så lenge, seier Plassen.

Området det no skal leitast i ligg nord for Sandeid sentrum i Vindafjord kommune. Det skal vera eit område med ope terreng.

Kvinna er ca. 160 cm høg og har mørkt hår. Ho hadde på seg mørk bukse og ein mørk jakke. Om nokon har sett ho, vil politiet gjerne ha tips på telefon 02800.

Laster Twitter-innhold