I kveld blir Amandaprisen delt ut for 41. gong i Haugesund. Den norske filmprisen avsluttar filmåret 2012/2013, og det blir delt ut prisar i 21 ulike kategoriar.
Prisen er ein statue i bronse, utforma av Kristian Kvakland, og skal førestilla Haugesund-kvinna Amanda.Men kven var eigentleg Amanda?
Dette spørsmålet stilde Toril Våland i 1993, og i dagens utgåve av Rogaland retro, kan du sjå kva svar ho fekk.
Send inn tips
«Rogaland Retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.
Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.