Hopp til innhold

Ikkje den første kvalen som kjem til Jæren

Det er ikkje ofte rogalendingar får sjå kval i farvatnet sitt. Derfor er det kanskje ikkje rart at folk går mann av huse kvar gong dei får sjansen.

Kvalar på Jærstrendene

KVAL-KAVALKADE: I dag stranda ein spermkval på Hellestø i Sola, i 2001 stranda ein spermkval på Solastranda og i 2006 fekk NRK filma ein grindkval som var på vitjing utanfor Refsnes i Hå kommune.

Foto: NRK

Skodnelystne i 2001

Også i 2001 var det mange som samla seg for å sjå på kvalen.

Foto: NRK

I dag blei ein svær spermkval oppdaga utanfor Hellestø. Den var stranda og politiet kunne klokka 12 slå fast at den mest truleg var død. Kommunen vurderer om dei skal slepa det svære dyret ut på sjøen og senka det.

Slepte spermkval i land

Det var ikkje det dei gjorde i 2001 då ein spermkval sette seg fast utanfor Sør-Kolnes i Sola. Då prøvde dei først å berga den ved å dra den ut. Men kvalen blei skadd og morgonen etter redningsaksjonen låg den død på Solastranda.

Med heisekranar blei den slept inn på land og plassert oppå ei trailervogn. Den blei frakta til søppeldungen på Sele.

Også i 2001 blei det trafikkaos, for det var så mange som ville ut å sjå kvalen.

Sjå video frå 2001:

I april 2001 stranda ein diger spermkval på Sola. Det blei gjort fleire forsøk på å berga den, før den døydde.

I april 2001 stranda ein diger spermkval på Sola. Det blei gjort fleire forsøk på å berga den, før den døydde.

Kval på søppeldungen

Her blir kvalen lagt i jord i 2001.

Foto: NRK

Badegjest

Også i 2006 var eit team frå NRK Rogaland ute å laga kval-reportasje.

Då hadde ein grindkval kome til Refsnesstranda i Hå kommune. Denne verka til å vera i fin form, og for alt ein veit lev den godt den dag i dag, med tanke på at ein grindkval kan bli 50 år.

Sjå video frå 2006:

I 2006 kom ein grindkval på vitjing på Refsnesstranda. Denne stranda ikkje og lever kanskje den dag i dag, med tanke på at arten kan bli 50 år gamal.

I 2006 kom ein grindkval på vitjing på Refsnesstranda. Denne stranda ikkje og lever kanskje den dag i dag, med tanke på at arten kan bli 50 år gamal.