Hopp til innhold

Kritisk til pengebruken i Viking

– Viking har brukt for mykje pengar, meiner ekspert på fotballøkonomi, Tor Geir Kvinen. Styreleiaren i Viking lovar tiltak.

Glisne tribuner på Viking stadion

Det har vore mykje å jubla for reint sportsleg på Viking stadion i år. Økonomisk går det verre og Viking er for første gong i raud sone.

Foto: Erik Waage / NRK

– Viking har hatt eit overforbruk av pengar og kan takka seg sjølv for å ha hamna i det økonomiske uføret. I tillegg har lønna gått jamt opp i norsk toppfotball dei seinare åra. Dette må styret ta ansvaret for, seier Tor Geir Kvinen, ekspert på fotballøkonomi og høgskulelektor ved handelshøgskulen BI.

For første gong har Viking hamna i såkalla raud sone, som er ein klar indikasjon på store økonomiske problem. Klubben fekk frist til 10. juni med å levera ein tiltaksplan til Noregs Fotballforbund for korleis dei skal komma ut av den økonomiske krisa.

– To vegar ut av krisa

Tor Geir Kvinen

Tor Geir Kvinen, ekspert på fotballøkonomi og høgskulelektor ved handelshøgskulen BI.

Foto: BI

Ifølge Tor Geir Kvinen har Viking vore heldige som har hatt eigarar som har bidratt med betydeleg økonomisk hjelp. Ifølge han er det i hovudsak to vegar ut av det økonomiske uføret.

– Tidlegare har klubben bede eigarane om meir pengar og på den måten styrka eigenkapitalen og likviditeten. Elles er alternativet kostnadskutt og då snakkar me om kutt i lønn. Eventuelt ein kombinasjon av dette.

Ber aksjonærane om hjelp

Styreleiar i Viking, Charlie Granfelt, vil ikkje gå i detaljar på tiltaksplanen som er levert til fotballforbundet. Men han seier den både handlar om eigne kutt og korleis inntektene skal aukast.

Klubben vil også be aksjonærane om hjelp i haust.

Charlie Granfelt

Charlie Granfelt, styreleiar i Viking.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Dette er me nøydde til på grunn av uheldige val som er gjort. Framover håpar me aksjonærane hjelper til med satsingar, ikkje til å ordna opp i økonomien vår, seier Granfelt.

– Har det vore eit overforbruk i klubben, slik Kvinen hevdar?

– Eg er heilt einig i det. Dette har me slått fast sjølv, kommunisert til dei rundt oss og ikkje minst til fotballforbundet.

– Kven har ansvaret for dette?

– Styret har alltid det yttarste ansvaret, så det er styret som har hatt det ansvaret.

– Enorme potensial

Viking har kutta kostnadar og stillingar før dei leverte planen til fotballforbundet 10. juni. Samtidig er klubben på jakt både etter ny administrerande direktør og direktør for fotballutvikling.

Nå har dei tre år på seg til å retta opp økonomien, noko dei har alle føresetnader for å klara, ifølge ekspert på fotballøkonomi, Tor Geir Kvinen.

– Viking er spydspissen i stavangerregionen og har enorme potensial både når det gjeld tilskodarar og økonomi. Det langsiktige perspektivet er positivt, meiner han.