Hopp til innhold

Ho blir kritisert for å ha vore for aktiv i valkampen

I Hjelmeland har Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat teke valkampen til eit nytt nivå i kommunen. Det likte dei andre politikarane dårleg, og tok saka opp i formannskapet.

Lin Veronica Jacobsen

AKTIV VALKAMP: Lin Veronica Jacobsen deler ut påsmurte rundstykke på Hjelmelandsferja måndags morgon.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Vallogo

På veg over Jøsenfjorden på Hjelmelandferja er Lin Veronica Jacobsen i gang med å dela ut påsmurte rundstykke. Det er to veker til valet og ho er Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat i Hjelmeland. Som alle andre politikarar er ho travelt opptatt med å driva valkamp, men ho har gjort det på ein måte som aldri har blitt gjort i Hjelmeland tidlegare. Det var Strandbuen som først skreiv om saka (NB! Krev innlogging).

Ville på hospitering

I tillegg til vanlege husbesøk har ho drive valkamp utanfor barnehage og skule og bede om å få vera utplassert i alle avdelingane i den kommunale drifta. Men hennar «amerikanske» valkamp vart for mykje for formannskapet, som tok opp valkampen til Jacobsen to gonger i deira siste møte.

– Det var ganske ubehageleg. Eg må seia det at eg følte meg litt som ein unge som har stole snop i butikken då eg sat på benken der. Det var veldig overraskande. Eg syns det tok heilt av, seier ho til NRK.

– Eg forstår ikkje at me skal vera så kjedelege. Det er greitt nok at me bur på landet, men guriland, me må få lov til å ha det litt kjekt!

– Reinspikka valkamp?

Trine Danielsen, folkemøte i Hjelmeland

TOK DET OPP I FORMANNSKAPET: Ordførar Trine Danielsen (H).

Foto: Silje Bråstad / NRK

Ordførar Trine Danielsen (H) skulle gjerne hatt informasjon om planane til Jacobsen før ho stilte seg opp utanfor barnehage og skule i tida foreldra skulle henta ungane sine.

– Me har ikkje sagt at det var gale. Me stilte spørsmål om det er greitt at ein ordførarkandidat går inn i barnehage og skule, og skal hospitera ei veke for å få betre kjennskap til tenestene. Då set eg meg sjølv i eit dårleg lys, for vil det seia at arbeidarpartikandidaten ikkje har fått nok innsikt i vår kommune i løpet av denne fireårsperioden?

Ordføraren etterlyser førehandsinformasjon om AP-kandidaten siner valgkapm-aktivitetar.

– Eg ønskjer tilbakemelding på det, men når det er reinspikka valkamp, at ho skal gå rundt å godprate med alle som er tilsette, då blir det noko anna, og då hadde det vore greitt å bli informert, seier Danielsen.

Bjørn Laugaland, Sp. Ordførarkandidat i Hjelmeland kommune

Senterpartiets ordførarkandidat i Hjelmeland ville ikkje drevet valkamp slik som Lin Veronica Jensen frå Arbeidarpartiet har gjort.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Senterpartiets kandidat i Hjelmeland kommenterer Jacobsen valkamp på denne måten.

– Det ville vera veldig påfallande å springa rundt på aldersheimar og sjukeheimar med pressa på slep. Difor valde eg å ikkje gjera det. Om Veronica vil gjera det, så er det heilt greitt for meg, seier Bjørn Laugaland i Senterpartiet.