Hopp til innhold

Kommunen vil inn i private heimar

KrF vil innføre kommunalt heimebesøk hos alle eldre over 75 år. Det kan bety at dei kan bli buande inntil fem år lengre i sitt eige hus, meiner partiet.

Bjarne Dagestad i Stavanger har fått kommunalt heimebesøk

Stortingsrepresentant Olaug Bollestad forklarar Bjarne Dagestad i Stavanger om kva planar ho har for dei eldre i landet.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Vallogo

Bjarne Dagestad bur i ein villa med stor hage på Vaulen i Stavanger. Han nærmar seg 80 år og har tenkt å bli buande lenge i huset sitt.

– Det var far min som bygde det og eg var med, seier Dagestad.

Les også: Frykter at video skal erstatte varme hender

Han overtok huset etter faren sin og har nå gjort nokre endringar slik at han og kona kan klare seg i mange år til.

Besøk frå kommunen

Stavanger er blant dei 25 prosent av kommunane i Norge, som har innført eit kommunalt heimebesøk hos dei eldre, når dei passerer 80 år. For ikkje lang tid sidan fekk Dagestad eit brev med spørsmål om eit slikt besøk frå kommunen.

Bjarne Dagestad i Stavanger er glad for at kommunen vitjar dei eldre

79 år gamle Bjarne Dagestad i Stavanger opplevde det kommunale besøket som positivt.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Du følte ikkje at det var å trengje seg inn på ditt private område, då?

– Nei, eg hadde sjansen til å seie nei om eg ville. Men eg opplevde vitjinga som både høfleg og konstruktiv med tanke på kva kommunen kunne tilby av hjelp, seier Dagestad.

Alle skal med

Kristeleg Folkeparti vil innføre kommunalt heimebesøk hos alle eldre over 75 år her i landet. I dag er det tre fjerdedelar av kommunane i Norge som ikkje har tatt seg råd til å gjera dette.

Les også: Jacob (84) kjemper for å besøke kona si alene

– Ei slik ordning kan mellom anna bidra til å oppdage begynnande demens hos dei som får besøk. Ved å ta tak i det kan dei eldre bu inntil fem år lengre i eige hus før dei må på sjukeheim, seier stortingsrepresentant Olaug Bollestad.

Stortingsrepresentant for KrF, Olaug Bollestad og varaordførar i Stavanger, Bjørg Tysdal Moe

Stortingsrepresentant for KrF, Olaug Bollestad og varaordførar i Stavanger, Bjørg Tysdal Moe, meiner at forslaget kan hjelpe kommunen i planlegginga av eldreomsorga.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Ikkje alle seier ja

Varaordførar for KrF i Stavanger, Bjørg Tysdal Moe, opplyser at omlag halvparten av dei eldre seier ja til eit heimebesøk i hennar kommune.

– Me understrekar alltid i slike samtalar at dette ikkje er snakk om ei overvaking. Det viktigaste er å få informert om kva hjelp kommunen kan gi, slik at dei eldre kan bli buande i eige hus, seier Tysdal Moe.

Les også: Seks grunner til at eldreomsorg er viktig for deg

Ho vedgår også at eit heimebesøk hos dei eldre gjer det lettare å planlegga eldreomsorga i kommunen.