Hopp til innhold

Kraftig auke i søknader om handikapkort

Innføring av høgare bompengeavgift er ein vesentleg årsak, trur parkeringsselskap i Sandnes.

Kraftig auke i handicapkort

Det blå kortet til å legge i bilvindauget er eit lukrativt dokument. Mellom anna gir det fritak for bompengar, og det får ein del til å ty til uærlege midlar for å sikra seg kortet.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Me lurte lenge på om dette berre var noko me registrerte, men i vinter og tidleg vår opplevde vi at legane i regionen kontakta oss og spurte kva som gjekk føre seg, seier Kjell Veire, dagleg leiar i Sandnes Parkering.

Søknadsmengda auka frå 237 søknader i 2014 til 318 i 2015.

Kjell Veire

Kjell Veire i Sandnes Parkering synest det er synd at dei få øydelegg for dei som verkeleg treng handikapkortet.

Foto: Marianne Terjesen / NRK

– Legane hadde også merka ein markant auke i pågangen frå pasientane, og ikkje minst kor pågåande enkelte var for å få eit slikt kort, seier han.

I tillegg til parkeringsfordelane slepp også dei med såkalla HC-kort å betale bompengar.

– Ein teori er at auken heng saman med merksemda rundt at bompengetakstane kunne auka, ifølge Veire.

Kjøp og sal av HC-kort

Også elles i landet er det markant fleire som søkjer om handikapkort, når det enten blir innført parkeringsavgift eller nye bompengeringar i nærområdet.

– Det er nok inga tvil om at mange dessverre vektlegg dei økonomiske fordelane så høgt at dei vel å søka om dette kortet utan å ha reell grunn til det, seier leiar Lars Monsen i Norpark, interesseorganisasjonen for private og offentlege eigarar av parkeringsanlegg.

– Her i Oslo er det sånn at desse korta vert omsette, og me melder også ein god del saker til politiet i løpet av året, der folk har forfalska eller stole slike kort av di dei har såpass stor verdi, fortel han

Per Langeland

Per Langeland i Handikapforbundet Nord-Jæren meiner kontrollen bør bli strengare.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Leiar i Handikapforbundet Nord-Jæren, Per Langeland, som sjølv har bil med HC-kort til rullestolen sin, meiner det er for enkelt å få kortet.

– Legane bør vera litt strengare med å skrive ut legeattest. Eg skal ikkje klaga og syta, men det er for lettvint å få det, seier han.

Stilte i mosjonsløp

I Sandnes parkeringsselskap på Nord-Jæren fekk dei eit godt bevis på at det ikkje berre er dei mest rørslehemma som har skaffa seg eit handikapkort, fortel Veire.

– Me fekk ein søknad med tilhøyrande legeattest som indikerte ein så sterk forflytningshemming at søknaden ville bli innvilga. Av ulike årsaker blei søknaden liggjande i litt over ei veke, og helga etter såg me at vedkommande søkjar stod avbilda i avisa på startstreken i eit mosjonsløp. Da stiller me oss jo nokre spørsmål, seier han.

– Det er veldig synd at nokre få øydelegg. Det går ut over dei som verkeleg treng kortet for å kunne fungera i kvardagen, seier Veire.

Frå nyttår blir det oppretta eit sentralt register over alle som har eit slik handikapkort. Då er håpet at det skal bli lettare å avsløra dei som lurer til seg fordelar dei ikkje har krav på.