Hopp til innhold

Stiller ut kontroversielle karikaturar

Ein dag etter det brutale angrepet på det satiriske vekebladet Charlie Hebdo, blir utstillinga «Ytringsfrihet og avistegning» opna i Stavanger.

I dag opnar Fribynettverket si utstilling «Ytringsfrihet og avistegning» på Sølvberget i Stavanger. Her blir karikaturar, teikna av folk som har blitt truga for jobben dei har gjort, vist fram.

Utstillinga har vore planlagt lenge, og skal visa kor farleg det kan vera å jobba som avisteiknar. Med det brutale angrepet mot det satiriske magasinet Charlie Hebdo i går som bakteppe, blir utstillinga langt meir aktuell enn det programdirektør i Fribynettverket, Elisabeth Dyvik, hadde håpa på.

Sendt 8. januar 2015.

– Ein grufull ekstra aktualitet

– Eg skulle ønskt at utstillinga ikkje var så aktuell som ho er. Me som jobbar med dette til dagleg veit kor aktuell problemstillinga er, og nå får den ein grufull ekstra aktualitet, som eg gjerne skulle vore utan, seier Dyvik.

Ho slår likevel fast at det ikkje er aktuelt å avlysa utstillinga.

– Dette er ei utstilling me har planlagt lenge og den skal gjennomførast, det er ein del av ytringsfridomen å få gjera det. Skulle det koma trugslar eller noko liknande får me heller kontakta politiet, og så må me eventuelt ta nokre forholdsreglar, seier programdirektøren.

– Viktig å slutta opp om dei som vågar

Det er styremedlem i Norsk PEN, Ann-Magrit Austenå, som skal opna utstillinga seinare i dag. Ho meiner det viktig å visa støtte til dei som vågar å utfordra med karikaturar. Samstundes har ho forståing for dei som nå er redde for å halda fram.

– Ja, det kan eg forstå. Derfor er det veldig viktig at menneske nå sluttar opp om dei som vågar dette, dei som på mange vis er ytringsfridomen sin fortropp. Folk bør koma til Stavanger og visa sin solidaritet med satiremagasinet i Paris, seier Austenå.

Utstillinga er eit samarbeid mellom Cartoonist Rights Network International (CRNI) og Avistegnernes Hus og er støtta av Fritt Ord.