Hopp til innhold

Kommunen hadde ingen mistanke til læraren

Politiattesten var i orden, og det har ikkje kome uromeldingar om læraren som nå er sikta for å ha filma rundt 40 nakne gutar. Det forsikrar Hå kommune.

Waldemar Pettersen

Kommunalsjef i Hå kommune, Waldemar Pettersen, forsikrar at alle rutinar blei følgt då ein lærar som nå er sikta for å filma gutar i dusjen, blei tilsett.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det er sjølvsagt veldig alvorleg, og me jobbar dagleg for å unngå slike hendingar, seier kommunalsjef i Hå kommune, Waldemar Pettersen.

Det var for tre månadar sidan han blei kontakta av politiet. Ein lærar i 30-åra som har jobba fleire år i kommunen, var sikta for å ha filmar og bilete som syner overgrep av barn.

Etter kvart har etterforskinga avdekt at læraren også skal ha filma gutar i dusj og garderobe med skjult kamera.

Foreldre er nøgde med politiet sin jobb

– I førre veke arrangerte me eit møte for alle lærarar og tilsette ved skulen. Dei fekk informasjon om politiet sine funn. Barna blei informert i kvar enkelt klasse av læraren. Me har hatt inne kriseteamet for å sjå om det er nødvendig å gå meir inn, seier Pettersen.

NRK har vore i kontakt med FAU-leiaren på den aktuelle skulen. Han fortel at foreldra jamt over er nøgde med måten saka har blitt handsama på av politiet og kommunen.

– Me ser ikkje korleis verken kommunen eller politiet kunne gjort noko annleis i denne saka. Det vil alltid finnast nokon som ikkje er nøgde, men dei eg har snakka med, er nøgde med jobben som har blitt gjort, seier FAU-leiaren til NRK.

– Korleis har dette prega bygda?

– Slik saka står no, pregar ikkje dette bygda i spesielt stor grad, seier han.

Kommunalsjefen ser også lite dei kunne gjort annleis i forkant av saka.

– Me har ikkje fått uromeldingar om læraren. Då han blei tilsett, viste han politiattest, og me sjekka referansar frå tidlegare arbeidsgjevarar. Det var derfor aldri nokon mistanke til denne læraren før me blei kontakta av politiet, seier Pettersen.

Etterforskinga er ikkje ferdig

Læraren sit i varetekt og har framleis ikkje teke stilling til skuldspørsmålet.

Politiet jobbar med å finna ut om mannen har filma med skjult kamera i samanheng med rolla han har hatt i frivillige lag og organisasjonar ulike stader på Jæren. Dei prøver også å finna ut av om videomateriale har blitt spreia på internett.