Hopp til innhold

Kommunane får verstingstempel

Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø (H) er skremt over omfanget av svart arbeid og inviterer nå byggebransjen til møte.

Kommunane verstingar på svart arbeid.

VIDEO: Omfanget av svart arbeid er større enn folk trur, meiner Harald Grayston frå Byggelaget Time AS. Illustrasjonsbilete frå byggebransjen.

– Dersom kommunane er verstingar, må me komma på banen med ein gong og gjera noko med det, seier Sagen Helgø.

– Kommunane er ein del av systemet med svart arbeid, utan å vita det, seier Harald Grayston frå Byggelaget Time AS.

I dag tok byggebransjen opp svart arbeid på Solamøte. Dei useriøse aktørane unndrar fleire titals milliardar i skatt kvart år, og i dag la regjeringa fram 22 tiltak mot arbeidslivskriminalitet.

Tettare samarbeid

Harald Grayston

Harald Grayston, Byggelaget Time AS.

Foto: Kirsti Wilhelmsen

Ved hjelp av tettare samarbeid mellom ulike tilsyn og etatar skal dei useriøse aktørane i arbeidslivet lukast ut.

– Det er verkeleg skremmande, og derfor regjeringa i dag lanserer ein ny strategi mot arbeidslivskriminalitet. Den skal gjera det enklare å vera seriøs og verre å vera useriøs, seier leiar for arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget, Arve Kambe (H).

– Svart arbeid er veldig ille. Kommunane engasjerer bedrifter og entreprenørar til å gjera jobbar. Dei igjen hyrar inn svart arbeid ned i systemet. Det er kriminelt, seier Grayston.

Inviterer til møte

Og omfanget av svart arbeid i vår region er større enn det folk trur, ifølge Grayston.

– Ja, mykje, mykje større. Det er det ingen tvil om, slår han fast.

– Det er skremmande tal Grayston viser til, seier Stavanger-ordførar Cristine Sagen Helgø.

Øystein Langholm Hansen

Øystein Langholm Hansen, distriktssekretær LO i Rogaland.

Foto: Kirsti Wilhelmsen

Ho meiner det er viktig å ta på alvor at både stat og kommunar er bidragsytarar til omfanget av svart arbeid. Nå inviterer ho byggebransjen og Harald Grayston til å fortelja Stavanger kommune korleis dette skjer.

– Det Grayston peikar på er at svart arbeid ikkje nødvendig skjer i det leddet kommunen har avtalar med, men i ledda under. Då er det viktig at me som kommune, som har mange anbod ute, er klar over korleis dette skjer, seier Sagen Helgø.

LO: – Alvorleg situasjon

LO meiner det er på høg tid at noko blir gjort for å bekjempa omfanget av svart arbeid.

– Det er ein utruleg alvorleg situasjon i byggebransjen, saman med enkelte andre bransjar. For eksempel transport- og asfaltbransjen, seier distriktssekretær i LO i Rogaland, Øystein Langholm Hansen.

– Mitt inntrykk er at kommunane jobbar aktivt for å unngå svart arbeid. Det er vanskeleg å ha kontroll, men heilt klart kommunane sitt ansvar, seier Hildegrunn Bjelde, styreleiar i KS Rogaland.