Hopp til innhold

Skremt av Odin sine soldatar

SV-kommunalråd i Stavanger er skremt av at Odin sine soldatar patruljerer gatene nattestid i byen. Han vil ikkje ha slikt borgarvern i Stavanger sentrum.

Odin sine soldatar oppstilte i Breigata i Stavanger, laurdag kveld

Odin sine soldatar oppstilte i Breigata i Stavanger, laurdag kveld.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Kommunalråd for SV i Stavanger, Eirik Faret Sakariassen, fortel at det var ubehageleg å lesa at organisasjonen Odin sine soldatar, har etablert seg i Stavanger.

Eirik Faret Sakariassen held appell

Eirik Faret Sakariassen (SV) vil ikkje ha Odin sine soldatar i Stavanger sentrum.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Eg er skremt over dei haldningane den organisasjonen representerer, og eg ønskjer ikkje den type borgarvern i Stavanger sentrum, seier han.

Støttar opp om natteramnane

Kim Mæland er leiar i det som offisielt heiter "Soldiers of Odin" i Norge. Han bur i Hundvåg bydel i Stavanger, og leia ei gruppe på 12-14 menn og kvinner gjennom bygatene i sentrum, natt til søndag.

Då uttalte han til NRK Rogaland, at dei skulle vera eit bidrag til natteramnane og politiet sitt arbeid med å halde sentrumsgatene trygge.

– Men kvifor går de ikkje inn i natteravnane i staden?
– Det er det me jobbar med nå å få til eit samarbeid med natteravnane. Det arbeidet pågår. Og også i forhold til politiet, seier Mæland.

Kim Mæland er leiar i Norge for Soldiers of Odin

Kim Mæland er leiar i Norge for Soldiers of Odin. Han sto fram offentleg for første gong, laurdag kveld.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Vil ikkje ha dei med

Det er ikkje eit samarbeid som SV-politikaren Eirik Faret Sakariassen ser lyst på.

– Eg har sjølv gått natteravn og kjenner den som ein fredleg og nøytral organisasjon, seier han.

Oppfordringa til Odin sine soldatar er å droppa å etablera eit eige opplegg.

– Vil dei støtte opp om det arbeidet, så kan dei heller bli natteravnar. I staden for å starte dette initiativet som har veldig klare sympatiar i ekstrem retning, er beskjeden frå Faret Sakariassen.