Hopp til innhold

Vil mangedobla talet på oppdrettsanlegg

Regjeringa vil ha meir oppdrett i fjordane langs norskekysten. – Då vil lakselusa slå ut både sjøaure og villaks, meiner Jeger og fiskerforeningen i Rogaland.

Sjøauresmolt med store mengder lakselus på seg

Sjøauresmolt med store mengder lakselus på seg. Fisken er fotografert nedst i Dirdalselva i Gjesdal, 22. juni 2010.

Foto: Stavanger og Rogaland jeger og fiskeforening

– Me ser for oss ein fleirdobling av oppdretts-produksjonen langs norskekysten.

Dette seier statssekretær for fiskeriministeren, Amund Drønen Ringdal.

Oppdrett

Statssekretær for fiskeriministeren, Amund Drønen Ringdal, vil ha fleire og større oppdrettsanlegg på norskekysten.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Han held foredrag for kommune- og fylkespolitikarar i Rogaland, på Utstein Hotel i Rennesøy, om framtida til oppdrettsnæringa i dette fylket og på resten av norskekysten.

Statssekretær Ringdal vedgår at lakselusa er det største problemet for oppdrettsnæringa for tida, men det varer ikkje lenge, meiner han.

– På kort sikt ser me at det er eit krevjande bilete. På lang sikt så ser me veldig positivt på ei auke i produksjonen, seier Drønen Ringdal.

Sjøauren døyr

Jon Haaland er pensjonist og sportsfiskar. Heilt sidan 90-talet har han brukt mykje tid på å kultivere elvar i Ryfylke for at fleire laks og sjøaure skal gå opp i elva og gyte. Men gjennom det arbeidet har han også sett kva skader lakselusa gjer.

Sjøauresmolt frå Høleåna i Sandnes, juni 2015

Sjøauresmolt frå Høleåna i Sandnes, med mange lakselus på seg. Bildet er frå 22. juni 2010.

Foto: Stavanger og Rogaland jeger og fiskeforening

– For nokre år sidan var me og tok prøvar av sjøauren i både Dirdalselva og Frafjordelva. Der var det mengder av små og store sjøaurar som hadde så mykje lus at dei ikkje var liv laga. Dei kjem til å døy, så enkelt og så brutalt, seier Haaland.

Lovar strenge krav

Dette året får lakseoppdrettarane rundt kysten lov til å auke produksjonen med fem prosent.

Men det gjeld berre dei som lovar å avgrense seg til to årlege avlusingstiltak mot lakselusa, seier statssekretær Drønen Ringdal.

Statssekretæren nemner at nokre frå næringa ser føre seg ein femdobling av mengda av oppdrettslaks langs kysten fram til 2050.

Ei slik satsing krev uansett at smoltanlegg må flyttast på land og at oppdrettsanlegg kan plasserast lengre ut mot havet, seier Drønen Ringdal.

Vill-laksestammen er halvert

Tal frå Norske Lakseelvar viser at innsiget av laks til elvane har blitt halvert sidan 1980-talet.

Det seier Jon Haaland i Stavanger og Rogaland Jeger og Fiskerforeining. Han meiner oppdrettsnæringa må ta i bruk ny teknologi, før lakselusa øydelegg for villfisken.

Jon Haaland i Stavanger og Rogaland jeger og fiskeforening er uroa for lakselusa.

Jon Haaland i Stavanger og Rogaland jeger og fiskerforeining er uroa for lakselusa.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Før oppdrettarane får auke produksjonen, må dei gå over til å bruke lukka oppdrettsanlegg i sjøen, seier Haaland.